Jens Tvedt

(1857-1935). Fødd i Kvinnherad. Forfattar, lærar og bibliotekstyrar.

Jens Tvedt
Jens Tvedt
Tok Stord seminar, var lærar i Fana og Kvinnherad, frå 1882 på ymse skular i Stavanger, frå 1901 styrar for folkebiblioteket der. Gav ut fjortendagsskriftet Heimdal 1883-85. Debuterte med boka "Inn i fjordane" i 1885. Gav ut i lang rad forteljingar. Skildrar m.a. bondelivet slik han opplevde det i heimbygda, før dei store endringane i jordbruket. Fekk eit gjennombrot med boka "Vanheppe" (1891). Andre bøker er m.a. "Godmenne" (1893), "Brite-Per" (1895), "Madli og apalen" (1900), "Ramnagrø" (1900), "Djup jord" (1904), "Haavard Brittanius" (1908), "Ættarvende" (1923) og "Laam og ledid" (1928). Skodespelet "Kraaka" vart framført på Det Norske Teatret 1917, 1918-19 og 1923. Kunstarløn frå 1912. JG

Litt.: Arne Espeland:  Jens Tvedt. Glimt frå vokstergrunnen og livet hans. Oslo: Aschehoug 1959
Tekstar om Jens Tvedt
Rasmus Steinsvik: Jens Tvedt (1895)