Til Seljors Formannskap

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes

 
Seljors Formannskap so held eg av, san,
Og Sveining Kodde er min Styttestav, san.
Og han hev' dæ Vite,
At eg fær forlite,
Han vil eg skal tene noko sjav, san.
Og selja Øl, san,
Dæ kann eg sjøl, san,
Dæ kunn' daa bli til Tobak og Mjøl, san.

Seljors Formannskap dæ høge Raa, san,
Spør eg vent, um Øl eg selja maa, san.
Tenk no lit paa Tingen,
Ende nor i Svingen
Der mæ Øltrafik dæ skulde gaa, san
Paa Folkevis, san,
Dæ er mitt Vis, san;
Neimen sel 'kje eg til nokon Gris, san.

Nettupp no eg kunne tene best, san,
No dæ stundar til vaar Nautefest, san.
Daa treng Folk til Drikke
Baae simpl' og rike,
Baae dei som gjeng og som hev Hest, san.
Flaska upp, san,
Lystug Kropp, san!
Her er Gut, som trekkje kann ein Propp, san.

Kjære vene, lat meg selja Øl, san,
Eg skal inkje drikke noko sjøl, san.
Folk eig sjølve Pungen,
Ingen her er tvungen,
Inkje skal de spyrja noko Søl, san.
Ingen Klik, san,
Paa dei som drikk, san,
Tene Pening er min Politik, san.

No de heve goe Grunnar høyrt, san,
At dæ inkje gale skal bli kjøyrt, san.
Kauper vaare Grennar,
Kjeringar hell Mennar,
Lat dei daa paa Raastaago bli ført, san,
Alt til Slutt, san,
Paa dæ gjeng ut, san,
At eg Kassa hjølper mæ ein Lut,san.

Firingen, den 9 Septbr. 1886.

Aumjukast

Steinar Jakupson
 

Frå Netar. Fraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad