Til Anne

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes
 
So tungt eit Aar! so tung ein Vaar!
So tungsam Dagen skri!
For aldri fekk eg slikt eit Saar
I all mi Liveti!
 
Mæ Anne var eg sæl og gla,
Ho var min beste Skatt!
No heng eg som eit visna Bla
I myrke Uversnatt!
 
Mæ Fugelen paa grøne Kvist
Eg song so mangei Gong!
Men no, daa eg hev Anne misst,
Er alting Syrgjesong!
 
Og Blom og grønt, som Vaaren gav,
Kvar Lilje som spring ut,
Alt er som sett paa Annes Grav,
For alt er berre Sut!
 
Eg kjenner att min eigen Graat,
Naar Fløyta læt i Li!
Kvar Tone og kvar Streng er vaat,
For Graat er blanda i!
 
Eg stend lik turka Kvist um Vaar
Og som eit brotna Røyr!
Og fyrr at Smile Lippa naar,
Eg kjenner, at dæ døyr!
 
No slutta er min glae Song,
Du brast min beste Streng!
So vondt, at snaut um nokon Gong
Ein Tone fram der gjeng!
  

Frå Netar.Fraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad