Kvendi fyrr og no

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes
 

I gamle Dagar had' Kvendi Fingar,
Dei sauma Krokar, dei sauma Svingar.
Og Rosa laag som eit fagert Dikt, -
Men d'er daa Synd, dei skal gløyme slikt!

Og naar at Gjenta ho gjekk og gjætte,
Ho stundom spyta, ho stundom flette,
Ho sauma Rosur, ho slengde Band,
Ho la kring Stakken den vene Rand.

Til langt paa Kvelden ho sat mæ Gruva,
Ho sauma Brok, og ho sauma Huva,
Ho sauma Silke og kvite Lin,
Ho sette Boti paa Stakken sin.

Men no dæ kann seg 'kje lenger løne,
Og inkje høver dæ for ei Spøne:
Fraa By'n ein Rosur og Serk og Ty
Lyt faa paa Moten, mæ han er ny.

No hev dæ kome i rette Gjee,
Paa Bui der kann ein kaupe Klæe,
Naar dæ er venar hell dæ, me vev,
Kvi skal me daa hava slikt eit Stræv?

Paa andre Kantar me no kann tene,
Og helst paa Gifte, naar me bli vene,
Naar me bli gifte, og alt er kaupt,
Me stasar Stoge og stasar Loft.

Dæ gamle Gnaale me lite vyrer,
D'er gale alt dæ, dei unge styrer,
Dei segj', dæ nye er bare Fjusk,
Dæ er so gildt dette gamle Slusk!

Paa Folkevis kann dei inkje gange,
Dei teke Stigi so fæl' og lange,
Her heime kann dei bar' steikje Flesk,
Og Pylsa gjer dei baad' sur og beisk.

Til Byen maa me og lære stelle,
Bli fyrste Gjentunn i heile Gjelde;
Me skal bli dana, der skal bli Stell,
Og me skal snu paa dæ heile Gjeld.


Frå Netar. Fraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad