Kveld

(Dikt, 1907)

Av Jørund Telnes
 

Tone: Jeg ved et evigt himmerig.

 

Paa gruva elden kara er,
som toppa, brann og loga,
og natti ut ho vengen slær,
og myrkt her er i stova.

 

Me slær framfor oss krossen din
og bed so Fadervaaret.
I Jesu namn me sovnar inn
og ottast ingen faare.

 

Gud med oss alle saman ver,
so Krist for alle lyser;
Gud hjelpe deim som ute fer,
og deim som svelt og fryser!

 

No sovnar far og mor og eg,
og alle borni dine.
I morgon soli vekkjer meg,
naar ho paa veggen skin'e.

 

 

Frå Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen: Lesebok for folkeskulen. I. Landsmaalsutgaava. Kristiania: Jacob Dybwad 1907. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad