Gjestebos-vise

(Dikt, 1878)

Av Jørund Telnes

  

Som: Det er saa yndigt at følges ad.

 

Fe Brur aa Bruggom eg drikk ei Skaal
Aa fram fe dei eg ein Saang vil bera.
Eg ynskjer Lykka i fulle Maal,
At Hus aa Heim maa velsigna vera:
Mæ Lamm i Stille,
Aa Døttar snille;
At Gutar store aa spræk' aa gille
Maa vekse her.

 

At Souen bera maa mykjy Ull,
Aa Furo vekse maa stor i Skogjen,
At Kyri molke maa Ryngja full,
Aa fløystre Folar maa draga Plogjen.
Gott Gras paa Vollen,
Sterkt Øl i Bollen,
Brætt Flesk, aa Rome alstøtt paa Sollen,
Aa Smør i Grout.

 

Lev lengje lykkeleg dikkons Ti!
Aa lat so Hjartae Hjarta finne,
At dæ den eine den andre vi,
Daa skaa dæ lykkast baat' ut' aa inne.
Gud fylle Kruse
Aa signe Huse,
Aa sjav han tenne fe dikkon Ljose:
Daa gjeng dæ væl.

 

So Takk fe Lagje, aa mange Takk!
Me alle hae slik Leik aa Gama;
Aa Bruri va i sin roue Stakk
Den olle venast av allesama.
Me alle takkar,
Baa Skjenkjar, Kokkar
Aa Brur aa Bruggom aa Prest aa Klokkar!
Drikk ut den Skaal!

  


Frå Kvæe av Jørund og Sigurd Telnes. Kristiania. Det Norske Samlags Forlag. Ringvolds Bogtrykkeri. 1878. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad