Folkesongen

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes

Som Blomen upp utor Marki tyte,
Som Eple fram utpaa Kvisten skyte,
Er Folkesongen for Mann og Møy,
Men Folkevetter, naar den mun døy.

So lat daa Tonen fraa Hjarta strøyme!
Og lat oss kvea og lat oss drøyme!
Her er so mykje, som dreg oss ne!
Dæ svarte rømer so snegt me kve.

Men kom mæ Visur av Heimeslage,
Og lat oss kvea paa gamle Lage!
Og lat oss kvea foruta Bok!
Den Notesongen han er so klok!

[Første diktet i samlinga Netar, 1892]
 

Frå Netar.Fraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad