Daa me var smaagutar

(Dikt, 1885)

 

Av Jørund Telnes
 

 

Der stend eit tre i min faers ton,
som blikar mæ louve paa:
kringom dæ me sprang som bon
aa bygde husi smaa.

 

Ennaa eg minnes saa ven ein vaar:
soli paa fjøll rann upp;
byljo ho rulla mot straandi klaar,
aa fuglanne saang i topp.

 

Staren han kvittra paa stogutak,
pus laag paa hella lat;
erla i tone hoppa spak,
aa skjeri paa spiren sat.

 

Mor ho sat i svolegang,
kinna paa romen sin;
kringom me mæ boganne sprang
aa skout gjønom laavedynn.

 

Liten bekk innmæ stogo renn
- han enno mi vise kann -:
der sette eg baate sag aa kvenn,
aa seila te Engelland.

 

Kringom husi grøne eng
bylja mæ blomar smaa:
dei rosutte fivrell mæ gull paa væng
me der ville fange aa sjaa.

 

Av siljukvist me fløyta skar,
aa lu me flette av or.
Fraa skogjen me bær i skrukka bar
heimatt te far aa mor.

 

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad