Borsong for boni

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes
 
Gud gjev Klæi, Gud gjev Føa,
Som me fær av Far og Mor.
Upp av Jori vekse Grøa,
Ulli fram av Sauen gror.

Liv og Vokster alt du gjeve;
Dine Bon du unner væl,
Og ein Himel full du heve
Av alt gott til Liv og Sjæl,

Taara stryk av dei, som græte,
Boni gjev du raue Kinn.
Beste Gaava du oss rette,
Broer vaar og Sonen din.

Upp du hjølper dei, som snaavar,
Liv du gjev og Helsebot.
Gud og Far og Mor, me lovar,
Aldri gjera dikkon mot!

Takk for Mat og Takk for Drikke,
Takk for Trøye, Sokk og Sko!
Takk for alt, som du vil skikke.
Lat meg vekse og bli god!


Frå  NetarFraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad