Til september

(Dikt, 2003)

Av Marie Takvam

September, dine auger har glimt av is
under den klåre kvelving.
 
Eg kler meg i silkekjole
og dansar varmen i meg.
 
Du skrattar med raudt visnande gras for
mine føter
og kvit røyksopp i hagen.
 
Tropiske stormar herjar mitt blod.
Snart varm, snart kald.
Alt skjer langt, langt borte
og mine hender kan ikkje lindre noko!


Første gongen prenta i Marie Takvam: Merke etter liv, 1962. Frå Marie Takvam: Dikt i samling, 2. utgåve 2003, spesialutgåve i samband med Dei Nynorske Festspela 2003.  Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert på www.aasentunet.no 22.11.2007.
Brukt med løyve frå familien og Gyldendal