Emma talar til hunden sin

(Dikt, 2003)

(Inspirert av livet og Francois Villon)

Av Marie Takvam

Sjå kor livet har fare åt med meg!
Desse skinnfillene var eingong faste, små bryst!
Det var før tida saug deim ut
og tømde deim for alltid.
 
Sjå desse hoftene, kor beingrinda lyser igjennom deim!
Sjå furene i ansiktet, pløgde for sløvsinns tårer!
Meg som dei kalla Vakre Emma!
Håret mitt hadde ein gong glans av gull og bronse.
Her på kammen ligg det att i store, bleike tustar.
Det vil nok ikkje stå som ein brusande kvit glorie
rundt hovudet mitt, slik som andre kvinners hår!
            Eg har elska mykje.
 
Men du skal vite at eg tok ikkje alltid pengar for det!
Den gongen hadde eg råd til å kaste meg fram på torget
gratis, når eg hadde glede av det.
Eg baud fram mine lepper, fulle av  blod,
mine hofter og lår og det som ligg gøymt mellom deim.
Den mørke flekk på kroppen som gav lys.
 
Mange menn eg kjende er døde i dag.
Andre lever,
Men ingen sender bod etter meg til si døds-seng.
_ _ _
 
Fylg meg, vesle Solon, gjennom gater
der menn sloss om meg og eg let meg rive sund!
Der dei sputta på meg og tigga meg.
Der dei slo meg når eg rava forbi.
Først i latter, så i naud gjekk eg gjennom denne gata.
Fylg meg inn på kafeen!
Eg vil minnest den tid eg levde,
den store tid då Emma var ung.
 

Første gongen prenta i Marie Takvam: Merke etter liv, 1962. Frå Marie Takvam: Dikt i samling, 2. utgåve 2003, spesialutgåve i samband med Dei Nynorske Festspela 2003.  Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert på www.aasentunet.no 22.11.2007.
Brukt med løyve frå familien og Gyldendal