Mot i bringa

(Dikt, 1950)

Av Rasmus Stauri

[Omsetjing]

Mot i bringa, vit i panna, stål i bein og armar 
Ryggen rak og synet fritt, sjå det er bra! 
Tola slit og frost og væte, tola at det varmar, 
Slike gutar det vil gamle Noreg ha. 
Haldt no takta der, 
Inga våsing her! 
Lat dei sjå vi er av rette slag. 
Berre leik, ja, men av den skal framtidsstyrke veksa, 
Difor er det alvor i vår leik i dag.

I det verste stup som finst oppi den høgste lia,
Guten set utover på dei håle ski.
Gjenta etter, du skal tru ho heller er kje kvida, 
Guten tek ho att, og det på stutte tid. 
Vatn og is og snjo, 
Strand og fjell og skog; 
Der er nok ein kan få freista på. 
Ski og skeiser, båt og hjul det er så gildt å bruka. 
Største kunsta lell på eigne bein å stå.

Øva, øva jamt og trutt og idugt, det er tingen. 
Alltid betre! Om og om og om igjen. 
Fødd som meister, fødd som kjempe, nei det vart då ingen. 
Mot og styrke vinn ein litt og litt om senn. 
Tak no hugsamt på! 
Aldri fuska då!
Born av Noreg er det heile lag. 
Vi skal læra, vi skal øva, vi skal styrke vinna,
Styrke som kan halda ut ein alvors dag.

[Etter J. Nicolaisen]


Frå Sven Moren: Songbok for skular og ungdomslag. Oslo: Noregs boklag 1950. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad