I solefallsbrisen

(Dikt, 1923)

Av Rasmus Stauri

I solefallsbrisen ein sumarkveld
ved havet der stod vesle gut.
Og sola seig ned bak ei sky i eld,
som bleikna og snart slokna ut,
og bårene skvala og skvulpa mot strand,
medan kveldsroden lyste om fjell og land.
- Men guten stod stille og undrast, han.

"Kva er det dei bårene segjer, far,
og kor er dei komne ifrå? -
Kor langt er det vel til den fyrste gard
langt burt om den havstrima blå?" -
"Det Storhavet er det du framfor deg ser,
og imot deg det no liksom blinkar og ler
og smyg seg so kjælent kring nes og skjer.

Men stod du her ute ein vinterdag
i snødrev og storm frå sudvest, -
då fekk du vel sjå det i anna lag
når skavlane brusa som best
med sjørok og skum drev langt inn over land,
medan sjøen her ute i brott og i brand
som drivande foss langs den lange strand.

Der ute på Blåmyra voggar seg
i slikt eit forrykande vêr -
den tusenår-gamle ålmannaveg -
dei hundrade tusen og fleir
av norske sjøgutar på gamal vis
ifrå Afrikas solbrand til polens is,
som drøymande ligg der i nordlys dis.

Og no skal eg segja deg, veslegut,
ei soge som minnast skal vel:
Dei krigsmenn av havet tok eigen lut, -
men gutane for der no lel;
dei fritt vilde fare på rullande hav,
om dei so skulde skytast i søkk og i kav.
- Men elleve hundrad fann då si grav.

Dei er det at bårene kviskrar om,
når sorgtungt dei sukkar mot strand, -
og dei som med berging til landet kom
i den fælslege verdensbrand - - -
Ja minnast skal norske sjøgutar som då
for med farm over Blåmyra til og frå!
- den gjævaste soga vårt folk fekk sjå."



Frå Sangbok for norsk ungdom ved Mads Berg og Rasmus Stauri. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1923. Side 229-240. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad