Visknut

(Biografi, 1898)

Av Johannes Skar
 
1. Ætti hans
 
Knut Rasmusson Nordgarden var fraa Øvre-Svatsum i Gausdals Prestegjeld [1] i Gudbrandsdalen.

Øvre-Svatsum er eit lite Bygdelag øvst upp-i "Dalen", lukt innunder ville Fjellom; det høyrer til Annekse Svatsum. Baade i Nord og i Sud strøyper Dalen seg ihop og stengjer Reppen inne. Men det er ei blidspent Bygd. Solsida star langslaatt og jamt ned mot Elvi; meste Gardane ligg i Rad uppunder Skogbruni, med Aaker og Engmark i breide reinskorne Teigar kav ned paa Elvabakken. Baklidsida er berre svarte Granskogen, og stupande bratt. Millom tvo myrke Dalglup, som mynner ut fraa Nord, ris "Trona" upp høgt yver Bygdi. Den skeive Toppen er snaudslitin av Vinden langt nedetter.

Knut var av gamall Rot. Etter som han sjølv fortel, var Ætti hans paa Karsida fraa nordan Fjelle:

Det var ein Gut i Romsdalen som heitte Trond. Ein Gong han var i Vegen etter eit Lass med Høy, datt Lødo ned, med han lesste. Trond strauk fraa baade Hest og Høy og alt, og tok paa Langlaupe, til han endeleg kom upp att i Nordgarden i Øvre-Svatsum. "Nordgarden var den Gongen Øydegard; det var Staur for Dør," segjer Knut.

Trond vart eigande Garden, og Ætti hans hev seti der stødt sidan. "Det er mange Gardar som er komne paa Handel," segjer Knut; "men Nordgarden hev hengi i Ætti. Det hev ofte vori smaatt um; men det hev hengi. Det er same Folkeslage der enno."

Det var snaudt for Trond i det fyrste; for han kom med tvo Hendar tome. "Han vaska seg i Bekken og turka seg paa Skjurteflake sitt," fortel Knut. Men han fekk snart Føtar under seg.

Ætti tok seg godt upp, og det var ikkje lengi, so sat det av Nordgardsfolke paa alle dei største Gardom i Øvre-Svatsum.

Trond Johannesson Nordgarden døydde i 1727, 76 Aar gamall. [2]

Trond hadde ei Dotter som heitte Marit. Ho vart kristna i Gausdal i 1688. Marit var gardgjente. Ho vart gift med Rasmus Aasmundstad i Kvikne paa Fron. Paal Aasmundstad, Bror hans, fridde fyrst; men han var lite fyre seg. Rasmus var klokare; so fekk han honom til aa sjaa paa Garden for seg. Daa tok Rasmus baade Garden og Gjenta sjølv.

Nordgarden var ein av dei største Gardom i Svatsum. [3] I heile Annekse var det berre 2 som so vidt stod paa Maal. Ein einaste var større. "Og det var nok Nøgd i Nordgarden det Leite," fortel Knut; "ein kunde ikkje sjaa Bjelkane uppunder Staburstake for berre Kjøt og Flesk og Sengklæde." 

Brudlaupe hans Rasmus stod i 1707; daa var han 36 Aar, og ho 18. Dei fekk mange Born. Johans, som var den yngste, kom til i 1725.

Rasmus døydde i 1756, 85 Aar gamall.

Johans Rasmusson tok ved Garden 1748 og gifte seg same Aare. Gifta si fekk han fraa Snertingsdalen, ein stor Gard i Ner-Svatsum. Ragnhild Snertingsdalen var daa 17 Aar gamall, og Johans 23. Dei fekk ein stor Barneflokk. Den eldste heitte Rasmus.

Ragnhild - "Sjurd Tamburs Ragnhild" - var mergjeleg stor og sterk. Johans derimot var berre ein litin Murv; elles var han som Folk flest. Men ein Gong hadde han eit underlegt Syn:

Ein Kveld, med han fór og fridde, saag han dei underbuande paa Mykleby-Haustsætri. [4] Folk hadde flutt heim med Buskapen, so der var folkelaust. Men det lyste i Glasom. Det var fullt Gjestebod og Dans, og det leika so godt paa Fela. Men daa han kom burtaat, vart det burte for Augom hans alt saman.

Johans vart "eldande gamall". Ragnhild døydde i 1809, 79 Aar gamall.

Johans gav fraa seg i 1781. Rasmus, Son hans, løyste Garden med 600 Rdlr. Rasmus fekk henne Mari Elme paa Fron. Mor hennar var komi fraa Korstad. Ho hadde tent so lengi, at ho saadde til Garden paa Elme, daa ho kom: Løni si hadde ho fengi i Korn.

Rasmus og Mari fekk 9 Born, og den sette i Rekkja var Knut Rasmusson Nordgarden - "Visknut" dei kallar. Knut vart kristna Trettanddagen 1793.

Mor hans tedde seg ikkje ut ved store Gaavur. Ho var snarare noko tufsvori og eintenkt og godtrugi; "men ho var eit godt Menneskje og trudde ærleg soleis som Folk daa heldt det for aa vera rett."

Far hans var ein Jutul til Kar so før og sterk. Han hadde ein Husmann heitte Anders Konglid. Det stod Ord av Styrken hans rundt ikring i Bygdom, og sin Likemann hadde han aldri funni; men for Rasmus rauk han, daa dei ein Gong for Moro Skuld knepte Rygg.

[Notar:]
[1] Austre og Vestre Gausdal var eitt Prestegjeld til 1876.

[2] I gamle Dagar var det mykje Samkvæme millom Svatsum og Romsdalen. Naar Svatsingen "reiste av", so fór han til Romsdalen, justsom i seinare Tid til Nordland. Det var heller ikkje nytt, at det kom Folk fraa Romsdalen til Gausdal; utetter fraa 1700 hender det oftare at ein Gausdøl gifter seg med "en Pige fra Romsdalen."

I Ministerialbøkom i Gausdal finst Namne "Tron Nordgaarden" nemnt fyrste Gongen i Aare 1688, daa Dotter hans vart kristna. Han var daa 38 Aar gamall. Men Skattebøkane viser at det endaa gjekk vel so 20 Aar, fyrr han vart Sjølvmann i Nordgardem.

Fyremennane hans paa Garden er namngjevne attigjenom til 1668. Den fyrste heitte Jon. I 1678 er Garden sundbytt millom Bornom hans: "Paul, Peder Oudenshus og deres Søskende". Paa Tale av dei "Skind" som kvar fekk, kan ein sjaa at sume av desse "Søskende" var Gjentur - so det var Raad for Trond til aa faa Gifta si i Nordgarden.

Det er Von det var denne Sundbytingi av Garden som gjekk att, naar Knut fortalde at Nordgarden ein Gong hadde vori berre eit Underbruk under "Aunshus".

I 1694 og 1701 eig "Paul" Garden aaleine. I 1711 er han avløyst av Rasmus. Etter honom kjem "Tron".

[3] Nordgarden hadde i 1668 1 1/2 Hud i Skyld og fødde 30 Naut og 5 Hestar. Garden er enno ein med dei største i Bygdi.

[4] At Folk saag slike Synir paa denne Sætri, var ikkje noko nytt. "Det er mange som hev set slikt der baade fyrr og sidan. Det er ikkje trygt der enno," segjer dei.
 
Red.merk.: I den digitale utgåva er notane nummererte som sluttnotar i stigande rekkjefølgje. I boka er dei fotnotar merkte med asterisk.
 
 

Frå Knut Rasmussen Nordgarden eller Visknut. Eit Samlararbeid av Johannes Skar. Utgjevi av Det norske Samlage. Trykt i Oslo 1898. Tilleggsbok til Syn og Segn nr. 6, 1898. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad