Targei Gunnarsson Kollshus

(Forteljing, 1885)

Av Johannes Skar

(1879)

Det, som eg her vil fortelja um Targei Gunnarsson Kollshus, er meg fortalt av mor hans, ho gamle Annlaug Kollshus. Elles er det mange, som minnest han i Byggland; det stod ord av dette barnet. Umfram Targei er det nemnde tvo smaagutar til i denne fortelnaden; det er sone-sønerne hennar: Gunnar, tri aar um lag, og den yngste, snaudt aarsgamall.-
 
"Heve du høyrt maken: eg hadde ein gut, som kunne lesa, daa han var tri aar gamall. Naar far hans kom heim or skogen, laut han allstødt taka han i fanget og fortelja han um alt det, han hadde set: um tre og blomar og dyr og fuglar. Han var so lagad, at han vilde vita all ting, og det var ord i han som i ein vaksen mann. Me lærde han dei fyrste bokstavarne; men presten sagde, me maatte ikkje leita han formykje med lærdom; han maatte berre læra seg sjølv det, han rokk, sagde han. Og han gav seg ikkje; han lærde reinlesa."
 
"Ein dag kom han so plent paa det, at han vilde i skule. Han nøydde paa syster si, ho Anne, som no er gift paa hin garden, at ho skulde fylgja han. Ho sagde, han var for liten endaa; men det hjelpte ikkje; ho laut finna ned dei nye klædeplaggi hans. Ho tvo og stelte han til og tok han paa armen og bar han til skulen. Daa var han fire vikur paa fjorde aaret.
 
"Der kjem det ein kalleg skulegut", sagde Torbjørn skulemeistar, daa dei kom inn i stova; "kva vil du? vil du dansa og kveda?" "Du spør som du var 'kje vitug", svarad Targei; "hev du høyrt, at nokon kom i skule og vilde dansa og kveda?" "Kann du lesa daa?" spurde Torbjørn. "Ja, noko-lite", svarad han, og so las han upp dei tri fyrste bodordi; han las so radt, og aldri stiktad paa eit ord. "Men no kann du visst ikkje meir?" sagde Torbjørn. "Jau; eg kann ei bøn, som eg les fyre maten, og ei, som eg les etterpaa, og so kann eg lesa bøker", svarad Targei. So fekk han vera med i skule. Lenger ut paa dagen skulde Torbjørn spyrja borni, og so spurde han ei gjente, um ho visste, kven som-hadde "skabt" og "gjenløst" og "helliggjort" henne. Ho var fjortan aar gamal; men ho visste det ikkje.. Daa spurde han.Targjei, og han visste det alt saman. "Du er daa ei skam for alle folk, som ikkje kann svara paa det, som eit barn paa tri aar veit", sagde Torbjørn til gjenta.
 
"Targei vilde vera som skulemeistaren i alt; strakst han reis upp um morgonen. vilde han faa vatskoppen sin og tvaa seg.
 
"Det var seks vikur fyre mikjaalsmessa, Targei kom til; han døydde aatte dagar fyre jol; daa var han sjautan vikur paa femte aaret. Det var som han visste, at han skulde døy. Gunni, morbror hans, fylgde han ut ein kveld; det var klaart, so det var so mange stjernur paa himmelen. "Aa sjaa for mange stjernur her er!" sagde Targei; "men no er det ikkje lenge atter, til eg skal dit upp; men du maa ikkje segja det med mama«. Han visste, eg hadde tott vondt, naar eg hadde fenget vita det. Ei vike etterpaa vart han kruslen; men han var ikkje vaakare, enn at han gjekk uppe. Han sagde sjølv, kva mat han vilde hava. Me trudde ikkje sjukdomen var speleg; han hadde berre som noko vondt krim. Folk sende so mykje til han: ein sende vin, det hadde ikkje me; lensmannen sende sukker; det var som alle hadde betre ynde til honom enn til andre born.
 
"Han var sjuk i aatte dagar. Den siste dagen, han livde, kom han og sette seg paa fanget mitt, og daa saag eg, han var vaakjen. Eg baud han noko drikkan og anna, som me hadde; men han vilde aldri smaka det. "Aa, gode mor", sagde han, "du maa aldri bjoda meg nokon ting meir; du hev prøvat alt; du ser ingen ting hjelper«. Du veit, me prøvad han med alt, som var. Han for og ussad paa tilet eit bil utetter endaa; men lenger utpaa dagen vaaknad han, so han allstødt vilde vera paa fanget. Eg heldt han fyrst lenge; so lagde eg han paa fanget til far hans. Med' han laag der, fekk han liksom uvit. Me trudde han døydde, og me stod rundt kringum og gret alle saman, baade eg og desse hine borni. Daa slog han augo upp atter. "Er det meg, de græt for", sagde han. "Ja, det er deg, me græt fo", sagde eg. "Aa graat ikkje for meg, no er eg snart god att", sagde han, og reis upp og stod paa tilet og sette haandi i sida, som ingen ting var. Eg var so trotad og arm, og lagde meg hit-aa sengi. Daa kom han burt til meg - han var kjær i mor si; du veit, borni er sovorne - ; han rokk sengestokken med haandi, men daa seig han i kne frammed sengi. Eg reis upp og tok han i fanget, - og so somnad han so stilt; han ledad ikkje anten haand elder fot.
 
"Aa, som eg sytte! Eg totte aldri, eg kunne standa i aa vera inne i stova, naar eg kom ihug, at han hadde faret og ussat der. Eg totte, alle dei hine borni gjerne maatte hava døytt, naar berre han maatte livt. Eg hadde ikkje meir vit. Me sagde med presten, at han var fallen burt. sVar det det ordgjetne barnet?" sagde han. "Ja det var deta, svarad eg. "Du syter vel daa", sagde han; "men det maa du ikkje gjera; du kunne ikkje fenget han betre tilsett". Og no vilde eg ikkje ynskja han tilbake for alt det, som til er. Han er væl faren. Ein heve meir sut med dei, som liver, enn med dei, som er falne burt.
 
"Denne litle Gunnar er so lik 'I'argei; naar du ser Gunnar, heve du set Targei ogso; og denne litle i vogga heiter etter Targei". –
 
Gamle Annlaug sat og voggad det minste barnet. Litle Gunnar hadde fyrstundes faret og ussat paa tilet; men han kom snart hit-til godmor si; han stod framfyre henne og studde hovudet i henderne sine og olbogarne imot knei hennar og glaapte so truget upp i augo paa henne, med' ho fortalde.
 

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania, 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad