Me takkar deg

(Salme, 1927)

Av Johannes Nilsson Skaar

Me takkar deg so godt me kann,
Du Herre Jesus, Frelsarmann,
Som all vaar synd hev bore.
Du tok for oss so tungt eit tak,
Du leid so saart, men vann vaar sak
Og løyst' oss or all faare. 

Stor sæla er det at me veit
Du hev for oss ein bustad reidt
Hjaa Gud i himmerike.
Der vil du me skal koma inn
Og sjaa all herlegdomen din
I gleda utan like.

Men vegen gjenom myrker gjeng,
Den siste strid kann verta streng,
Me hev kje betre lovnad.
Aa Jesus, gløym oss ikkje daa,
Men lat oss fred i hjarta faa
Og stilt og roleg sovna.

 


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad