Aa paaskedag

(Salme, 1927)

Av Johannes Nilsson Skaar 

Tone: Upp gledest alle (Op, gledes alle)

Aa paaskedag, du høgtidsstund,
Du glede-vell i hjartegrunn,
For Krist hev siger vunne!
No ber dei bod kring alle land
At dauden hev sin yvermann
I Jesus Kristus funne.

Sjaa, livsens veg oss opna er,
Forlating, liv og fred me fær
I Jesus Krist, vaar Herre!
Gud vere lova! Livsens drott
Hev gjortt all myrkheims makt til spott
Og kalla oss til æra!


Omsetjing av latinsk salme frå mellomalderen. Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad