Vaar-Von

(Dikt, 1909)

Av Per Sivle
 
Det var ikveld, medan Tankarne sveiv
- so vida ikring dei Fuglarne fer -,
at ute i Skogen eg gjekk og dreiv.
Det var no so fagert og fint eit Vêr.
Himlen han kvelvde seg klaar og rein,
og Vaaren log ifraa kvar den Grein:
"Du Per, du Per,
- aa hei! aa hopp,! - og er du no der!
Og kjennner du inkje ikveld, ikveld,
at Livet, det er no det likaste lell?"
 
Og alle dei Blomar og grøne Straa,
eg saag, kvar helst eg so gjekk og fór,
dei ruddc seg Rom so hugheilt, dei smaa,
imillom det Lauvet, som datt ifjor;
dei keik, og dei nikka. - Eg tykte, eg,
det var, som vilde dei segja til meg:
"Du Per, du Per,
- titt, titt! titt, titt! - og er du no der!
Og kjenner du inkje ikveld, ikveld,
at Livet, det er no det likaste lell?"
 
Og Vinden han veifta so ender og Gong,
alt medan Soli i Vester seig.
Og Gauken han gol, og Sysvorti song,
og Lerka ho tralla, imedan ho steig.
Og som eg daa gjekk der og rusla so smaatt,
eg tykte, eg skyna deim alle so godt:
"Du Per, du Per,
- ku ku! kvivit! tilleti! - er du der!
Og kjenner du inkje ikveld, ikveld,
at Livet, det er no det likaste lell?"
 
- So anda eg ut av min Barm so saar
den Dauda-Dumba i djupe Drag.
Eg drakk av den Lufti so frisk og klaar,
og klinka med Livet, som liver idag.
Eg nikka til Lauv og til Gras og til Blom,
eg tralla aat Fuglo, so Lunden gav Ljom:
"Han Per, han Per
- aa hei! Hurra! tralala! - han er her!
Og det kann han kjenna ikveld, ikveld,
at Livet, det er no det likaste lell!"
 

Frå Per Sivle: Skrifter. I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1909. Side 40-41. Diktet vart publisert i Bersøglis- og andre Viser i 1895. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad