Tord Foleson

(Dikt, 1909)

Av Per Sivle

 

 

 

Dai sto pao Stiklasta,

fylka te Stri,

dan gamla og so

dan nya Ti,

da, so hadde vo,

imot da, so skulde vetta,

da, so skulde stiga,

mot da, so skulde detta.

 

So drogo dai Sværæ

i sama Stund,

dan ljose Kong Olav

aa dan graoe Tore Hund.

Aa Herrope dunde,

so Joræ ho dirra,

aa Spjotæ dai suste,

aa Pilane svirra.

 

Men so æ da sagt,

at ain gasta Kar,

Tord Foleson, Merkje

hans Olav bar.

Aa dennen Tord Merkjesmann

skulja me minnast,

so lengje ain Merkjesmann

i Norje kann finnast.

 

Dao Tord han kjende,

han Banasaor fekk,

dar fram i Strien

mæ Merkje han gjekk,

dao styrde han Stongjæ,

so hart han kunde,

i Bakkjen ne,

før han seig inn unde.

 

Aa gamla Sogo,

ho saie so,

at Tord han stupte,

men Merkje da sto.

Aa solais mao endaone

dan kunna gjera,

so Merkje fy Framgang

i Norje ska bera.

 

Um Mannen han sig'u,

Merkje da mao

i Norje si Jor,

so pao Stiklasta stao.

Og da æ da stora,

og da æ da glupa,

at Merkje da staor,

um Beraren stupa.

 

Merknad: Denne versjonen på vossamål stod på trykk etter at Sivle var død. Skrifter I(1909) er ordna kronologisk etter når diktsamlingane kom ut, men denne versjonen er ikkje identisk med den som står i monografien Noreg. Nationale Digte (1894). Bjarte Birkeland skreiv i 1957 at det var utgjevaren som omsette diktet til vossamål (Syn og Segn 1957 nr. 4, s. [145]-153).

Diktet blei første gong publisert i Fedraheimen 8. april 1885. Sivle tok det òg med i samlinga Noreg. Nationale Digte (1894), før det fekk si endelege form i Olavs-Kvæde (1901).

 


Frå Per Sivle: Skrifter. I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1909. Side 12-14. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad