Til Bjørnstjerne Bjørnson

(Dikt, 1909)

Av Per Sivle

Eg helsar deg paa Hyllings-Ting
     med Hovding-Namn idag.
Og Noregs Ungdom stend ikring
     og helsar med ilag.

Heil deg, du strake Nordmanns-Grein!
Heil deg med Noregs Fana rein!
     Heil deg, du Sonen av vaar Mor!
Ja: Heil og sæl, vaar Store-Bror!

Du var min Ven i Barndoms-Tid,
     det hugsar eg fraa før.
Min Framtids-Draum i Ungdoms-Rid,
     av deg so fekk han Fjør.

Det skal du vita, gjæve Kult,
at naar me gapte der i Svult
     mot Stort og Fagert, var det du,
som gav oss inn i Nebben: Tru.

Den friska Tru paa Ljos og Dag,
     som leikar i di And,
di Tru paa Liv av alle Slag,
     di Tru paa Fedraland,
den gror i dine Fotafar,
du fagna Saamann, som du var.
     Og Noreg sjølv fekk Tru paa seg
av Henrik Wergeland og deg.

Du var ein Bjørn, ja, det er sant,
     og det du enno er,
- og Bjørna-Labben vart iblandt
     so mangein Stut for svær.
Men naar du vreidast slo, sjølv daa
du slo kje berre fyr aa slaa;
     du slo fyr Rettens Siger-Tak,
- og aller helst fyr Noregs Sak.

Ein Sylv-Krans hev ditt Hovud no,
     og det ein straale-full;
men Noregs Folk hev tenkt han so:
     ein Borgar-Krans av Gull.
Det besta Hjarta-Gull, det hev,
so takksamt det i Kransen gjev.
     - Det brenner nok hjaa fleir enn meg:
 Vaar eigen Skald, Gud signe deg!

[Frå Bersøglis- og andre Viser 1895]
 
 

Frå Per Sivle: Skrifter. I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1909. Side 27-28. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad