Thord Folesson

(Dikt, 1885)

(Vestlandsk Maalføre)

 

Av Per Sivle

 

Dei sto paa Stiklesta,

fylka te Stri,

dan gamla aa so

dan nya Ti,

da, so hadde vore,

mot da, so skulde vetta,

da, so skulde stiga,

mot da, so skulde detta.

 

So drog dei Sværi

i samma Stund,

dan bjarte Kong Olaf

aa dan graa Thore Hund.

Aa Hærrope dunde,

so Jori ho dirra,

aa Spjoti dei suste,

aa Pilanne svirra.

 

Men so æ da sagt,

at ein gasta Kar,

Thord Folesson, Merke

hans Olaf bar.

Aa dennen Thord Merkesmann

skulja me minnast,

so lengje i Norge

Merkesmenn finnast.

 

Daa Thord han kjende,

han Banasaar fekk,

dar fram i Strien

mæ Merke han gjekk,

daa støyrde han Stongi

so hardt han kunde,

i Bakken ne,

før han seig innunde.

 

Aa gamla Saga

ho melde so,

at Thord han stupa,

men Merke da sto.

Aa so maa endaane

Karen gjera,

ska Framgongs-Merke

i Norge han bæra.

 

Mannen kann siga,

men Merke da maa

i Norge si Jor,

som paa Stiklesta, staa.

Aa da æ da stora,

aa da æ da glupa,

at Merke kann standa,

um Bæraren stupa.

 

Merknad: Sivle tok ein omarbeidd versjon av diktet med i samlinga Noreg. Nationale Digte (1894) , før det fekk si endelege form i Olavs-Kvæde (1901) . I Skrifter I (1909), som kom ut etter at Sivle var død, finst ein fjerde versjon.

 


Frå Fedraheimen, 8. april 1885. Elektronisk utgåve 2005 ved Nynorsk kultursentrum.