Noregs Konung

(Dikt, 1909)

  Av Per Sivle

I gamle Dagar
  - so segjer soga -,
naar daa det høvde,
  at einkvar fraaga,
kvar Noregs Konung
  aa finna var,
han fekk paa Spursmaalet
  detta Svar
- og Ordi høyrdest
  so trygdar-sterke -:
"Der stend han, fremst
   under Noregs Merke!"

Og Øyvind Skrøya
  han steig iland
med Hat i Hug
  og med Sverd i Hand.

Og Haakon Konung,
  han stod her hitar
som Landa-Verja
  med "Kverna-Bitar";
og Noregs Konung
  bar Noregs Sak,
og Noregs Menn
  stod stydjande bak.

Og Konungens Hand,
  som ho det var van,
gav Øyvind Løn
  fyr Hæding og Ran,
og sama Løni
  fekk endaa fleir.
Og Løni var slik,
  at dei kravde kje meir.

Og Hæding fær Noreg
  enn, som me sjaa,
og enno vert Noreg
  trakka paa Taa.
Men aldri bry deg,
  det stend inkje paa;
for Noreg, det hev
  sin Konung endaa!

Men um du vil spyrja
  som so idag:
"Kvar meinar du no
  eg kann finna, paalag,
Noregs Konung
  i denna Verdi?"
- Aa, reis til Stockholm,
  - og Lukka paa Ferdi!

                                       7-9-94.


Frå Per Sivle: Skrifter. I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1909. Side 34-35. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad