Nåli

(Lesestykke, 1920)

Av Per Sivle

     Å ja ja, sann, der hender mykje forunderleg her i verdi, du; det er ofte du tykkjer du inkje kann tru meir enn det halve.
     N o skal de høyra. Det fyrste året eg og ho Ingebjørg var gifte, so var ho so uheppi at ho kom til å reka ei nål upp i armen sin. Ho sat sydde på barneklæde.
     Det var endå ei liti huva ho var i kast med, og ho sauma med noko fin blå silketråd, som var attliggjande vorten frå den tidi eg gjekk med kramskreppa. Best som dette var, der kom det ei skarve humla surrande inn gjenom opne stovedøri og sette seg på bordet attmed henne.
     Ho kvakk so ilt i, gjorde ho Ingebjørg, med same, grytte arbeidet frå seg, treiv hovud-duken sin og dorga til humla alt ho orka. Og då var det at ho i same svarven slo nåli upp i tjukk-armen sin. Ilt gjorde det, kann du vita; men då ho so skulde prøva draga ut atter, der rauk tråden av, so nåli, endå til med ein trådstubbe i, vart attsitjande vel gøymd inne i armen.
     Ho barma seg for detta, då eg kom heimatt tå slåtteteigen um kvelden. Og sårt var det, so ho tolde kje meirso eg såg på det eingong.
     »Ja, detta her veit inkje eg nokor råd gjera med,« sa eg, »det vert best me tek køyrer ned på Vangen til han Torstein, dokteren, imorgon.«
     Og me so gjorde. — Høvde det då so meint til, at dokteren var reist til byen, og inkje var attventande fyrr um fjortan dagar.
     No, det var kje anna fyre, me laut køyra heimatt med so-gjort, me. — Men då fjortandagsmotet var lide, var vesle såret att-grott, og kjerringi kjende kje dusti til naud tå di, ho meir, sa ho.
     Vart det sidan avleidt tid etter tid, med nokor ny Vangs-reis; og då me so endeleg ein preikesundag kom upp til dokteren — det kunde vel vera ei fem-seks vikor etter —, var han Torstein inkje kar få njosn tå nokor nål, endå alt det han leita.
     »Ja, eg veit inkje meir gjera, eg,» sa han; »det er inkje her som å rota med grev i ein potet-åker, just. — Men når ikkje du kjenner mein tå det, kona, so skal du kje vera redd, det er inkje fårleg; og vil ho meg noko, so melder ho seg, og då får de koma til meg atter.« — Han er no slik ein gjemeint og lentug kar, han Torstein, må vita.
     Men den som inkje melde seg, det var nåli, kvar ho no heldt til eller inkje.
     — Hausten etter kom ho Anna, eldste dotter vår, til. Ei ferm, fin gjenta vart det av henne, og ho var kje meirso framsloppi fyrr ho hadde nøgdi å velja millom; so vart ho då gift til Store-kvåls, der ho sit kona den dag i dag er, som de veit. — Jau, ho fekk seg då ei dotter, óg, og so vart ho Ingebjørg uppatter-kalla. Det vart no mykje her hjå oss ho heldt seg, ho Vesl-Ingebjørg, då ho var so stor vorti at ho kunde stabba og gå.
     Nei, der var det ein sumar — ho kunde vera på lag fire år gamal — at ho tok til å anka seg so for høgre foten sin, og då det leid, so vann ho inkje lenger tæpa på honom eingong. Sette det seg so til under hælen med ein svull, som gjorde seg so stygt at eg og kjerringi tok barnet køyrde til dokteren med.
    Jau, han Torstein skar svullen upp, han.
     »Her er eitkvart slag hardt inni,« sa han. Og best det var, der trekte han ut ei nål, og anten de vil tru meg eller inkje, so hekk der kje ein blå silketråd-stubbe i nål-auga! — ja, det gjorde det.
    »Der kjem ho atter nåli di, kjerring!« sa eg.
     Men då vart og dokteren reint forgrunig. — Og han forplikta seg på at nåli, sodan som ho var, skulde skikkast til dokter-skulen i Kristiania og setjast i glas og råma, til eit stort teikn og eit Guds vedunder — sa han.
    — Der er ho den dag idag er. Og skulde nokon av dykk koma der, kann de berre gå innum døri og helsa frå meg og han Torstein, so fær de sjå med dykkar eigne augo at eg inkje hev loge eit einaste ord.
     — Men då eg fortalde han gamle Skule-Knut detta hendet, då sa han at detta der var etter bibelen, det, sa han, for det står at »det skal gjengjeldes i tredje eller fjerde led,« sa han. — Og ho Vesl-Ingjebørg var no komi i det tridje, ho.
 

Frå Lesebok for ungdomsskulen ved Lars Eskeland og Severin Eskeland. Tridje upplaget. Kristiania: Forlagt av Olaf Norli 1920. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.