Ivar Aasen

(Dikt, 1898)

(Daa han døydde.)

Av Per Sivle 

Det er den kjende Tingen,
at Kjøtet det er Høy;
so raust ein Mann var ingen,
at inkje han laut døy.
       Men det, i And du saadde,
       det liver i ditt Land.
       - Fyr Hamen Dauden raadde,
       men inkje fyr di And.


Fraa Per Sivle: Skrifter. I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1909. Side 108. Diktet vart publisert i En Fyrstikke og andre Viser i 1898. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad