Heim

(Dikt, 1909)

Av Per Sivle

Det hender so tidt,
    at ein Norrøna-Gut
stend lengtar mot Sør
    yver Sjoen ut,
naar Hausten grin ifraa Nord.
    Og vert det so Høve,
ja, daa er han glad,
han hissar Seglet
    og stryk avstad
ut fraa sin Heimsens Fjord.

Men kjem det ein Dag,
    daa han tenkjer som so:
"Tru byrjar det vaarast
    i Noreg no?"
- daa tek det til dreg, so det svid;
    han fær inkje sova,
han hugsar for vel,
kor Killingen dansar
    og Gauken gjel
der nord i den grøne Lid.

Og daa er han sæl,
    han kann snu sin Stamn
og taka Leidi
    mot Heimsens Hamn
i Viki derinne i Fjord.
    - For var det der nordantil,
Vogga vaar stod,
so kjenner me det
    i vaart eige Blod,
at Vaaren han dreg mot Nord.



Frå Per Sivle: Skrifter. I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1909. Side 50-51. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad