Hans Ross

(Dikt, 1909)

til Syttiaarsdagen

Av Per Sivle

Og ein heitte Ivar, og ein heitte Hans,
og baae var Karar so rettug tilmanns,
at likare var 'kje aa finna hjaa oss:
den fyrste var Aasen, den andre var Ross.

Daa Ivar sitt Dagsverk til Ende fekk brøytt,
han gjekk seg aa kvila so god og so trøytt.
Men Hans, han stend enno i yrkefrægt Lag
- og sytti Aar gamall er Karen idag.

Det lyddest, at Noreg sin Maalgrunn var arm.
Daa smolla han Ivar, men so vart han harm,
treiv Spade og Grev, og til Yrke han for
aa leita rett etter i Noreg si Jord.

Det vara kje lenge fyrr Grevstaalet song,
og soleine gjorde det Gong etter Gong,
det var, naar det raaka det reinaste Gull,
- for just utav det var hans Fedrajord full.

So sanka han Kista si dørgande mett,
og gav henne so til vaar Norrøna-Ætt.
Men enno laag det ubroten Grunn rundt ikring,
som dulde ein Rikdom av heilage Ting.

Hans Ross var just Mannen aa mana det hit
med endelaus Truskap og Bjartauge-Vit.
Og Hæding og Hyding han aldri lest gaa,
han smaalog i Skjegget og dreiv berre paa.

"Ja, no er her sanka so fullgod ein Skatt.
Det er no vel aldri so stort her er att?"
- "Jau, um eg vart dubbelt so gamall og meir,
so vart det daa arbeid fyr meg og fyr fleir."

Og no skal det vera paa fagnasam Vis:
Vaar Takk til Hans Ross, ja, og Æra og Pris!
Naar Noreg stend nyreist ein Dag etter oss,
skal ein utav Golv-Aasom heita Hans Ross.

 


Frå Per Sivle: Skrifter.I. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag

1909. Side 222-223. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.