Ferdamann

(Dikt, 1896)

Av Per Sivle

Eg vanka paa Foten so vida ikring
       yver Stokk, yver Stein;
       eg fekk Støyt, eg fekk Mein,
- og stundom so fekk eg no slett ingen Ting.
       - "Aa haa, aa ja,
det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!"
       sa ho gamla Gro Brøyta.

Eg bygde meg Skuta, eg styrde ho sjøl.
       Men so siglde eg paa,
       miste Ror, miste Raa
og fekk vera glad, at eg flaut paa ei Fjøl.
       - "Aa haa, aa ja,
det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!"
       sa ho gamla Gro Brøyta.

Eg smidde meg Vengjer, flaug til og ifraa.
       Men som kvassast eg flaug,
       jau, so sa dei, eg laug,
og sume, dei kalla meg Diktar, attpaa.
       - - "Aa haa, aa ja,
det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!"
       sa ho gamla Gro Brøyta.



Frå Skaldemaal, 1896. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad