Den fyrste songen (1877)

(Dikt, 1992)

Av Per Sivle

Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunde gråten stogga.

Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova;
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.


Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar.


Frå Per Sivles beste. Samlaget, Oslo 1992. Diktet blei første gong trykt i Fedraheimen 24.11.1877. Melodi: Lars Søraas d.e. i Skulesongbok, Einar Kalands musikforlag 1909. Opphavleg tone var truleg ”I rosenlund, i saga hall”. Elektronisk utgåve 2002 ved Nynorsk kultursentrum