Snorre Sturlason: Soga um Halvdan Svarte (utdrag)

(Omsetjing, 1900)

Omsett av Steinar Schjøtt

6. Dronning Ragnhild drøymde store draumar; de var ei klok kvinne. Ein av draumane hennar var de, at ho stod i hagen sin og tok ein torn [1] or serken sin, og medan ho heldt i den, voks tornen slik, at de vart ein stor tein, so den eine enden naadde ned i bakken og røtte seg med det same, men den andre enden av tree naadde høgt upp i lufti. Deretter totte ho tree var so stort, at ho knappast kunde sjaa uppyvi de, og de var uhorveleg digert. Nedste luten av tree var raud som blod, men leggen uppetter var fager grøn, men greinine var snøkvite. De var mange store kvister paa tree, sume lenger uppe, sume lenger nede. Greinine paa tree var so store, at ho totte dei breidde seg ut yvi heile Norig og endaa lenger.

7. Kong Halvdan drøymde aldri; dette totte han var underlegt, og fortalde de til ein mann som heitte Torleiv den spake, og samraadde seg med honom um kva han skulde gjera ved de. Torleiv sagde kva han gjorde sjølv, naar han var forvitin etter aa faa vita noko; han laagde seg til aa sova i eit svinebol, og daa vanta de ikkje paa draumar. Kongen gjorde de, og so haadde han denne draumen: han syntest, at han hadde de vænaste haare ein kunde sjaa, og at haare hans laag ned i lokkar; sume naadde ned til jordi, sume til midt paa leggen, sume til knee, sume til mjødmane, sume til midt paa sida, sume til halsen, og sume var ikkje meir enn nettupp sprotne upp utor hausen som nyvlur [2]. Men paa lokkane var de alle slag lit, men ein lokk var ljosare og vænare og større enn dei alle ihop. Han fortalde draumen til Torleiv, og han lagde de soleis ut, at de skulde koma ei stor ætt fraa han, som skulde raada for landi med stor ære, men ikkje alle med like stor; men ein skulde de koma av ætti hans, som var større og hævare enn alle hine. Og de trur folk, at den lokken var eit fyribod paa kong Olav den heilage. Kong Halvdan var ein klok mann og heldt paa sanning og rettferd, og gav lovir, og heldt deim sjølv, og lèt andre halda deim, so ikkje ageløyse skulde gjera lovi til inkjes. Og han sette upp sjølv ei liste paa bøtar og skipa bøtane for alle etter den fødsl og stand dei hadde. Dronning Ragnhild fødde ein son, som dei auste vatn paa og kalla Harald; han vart snøgt stor og utifraa væn. Han voks upp der og vart snart ein stor itrottmann og hadde god forstand. Mor hans heldt mykje av han, men far hans mindre.

8. Kong Halvdan var paa Hadaland i joli. Der gjekk de underlegt til um joleaftan; daa dei hadde gjengi til bords, og dei var oversleg mangmente, so kvarv all maten og alt øle burt fra borde. Kongen sat hugsjuk etter, men alle hine gjekk kvar til sitt. Men for at kongen kunde faa vita, kven som var skuld i dette, lèt han taka ein finn, som var trollkunnug, og vilde nøyda han til aa koma fram med sanningi, og pinte han, men fekk ingin-ting utav han. Finnen bad so vænt Harald, son hans, um aa hjelpa seg, og Harald bad dei skulde spara han, men det hjelpte ikkje; men daa fekk Harald han burt mot kongens vilje, og fylde sjølv med han. Dei kom farande til ein stad, der ein hovding heldt eit stort gjestebod, og der vart dei godt mottekne, saag de ut for. Daa dei hadde vori der til vaaren, so var de ein dag, at hovdingen sagde til Harald: "De var fælt so stort tap, far din totte de var i de grande mat, som eg tok fraa han her i vetter; men de skal eg no løna deg med ei god tidend: no er far din daain, og du skal fara heim; daa vil du faa heile de rike, som far din hev aatt, og attaat skal du vinna heile Norig.

9. Halvdan Svarte køyrde fraa eit gjestebod paa Hadaland, og vegen laag so fram, at han køyrde yvi Randsfjorden. Dette var um vaaren, daa de heldt paa og tinte sterkt i soli. Dei køyrde yvi Rykingsvik [3]. Der hadde de vori vaak i isen um vetteren til aa vatna buskapen, men daa var de komi møk ned paa isen, og de hadde eti um seg i solsteiken. Daa kongen køyrde yvi der, so rauk isen sund, og kong Halvdan gjekk med der, og mykje folk med honom. Daa var han 40 aar gamal. Aldri hadde de vori so gode aaringar som i hans tid. So mykje heldt alle folk av han, at daa de spurdest, at han var daain, og like hans vart ført til Ringerike og skulde jordast der, so kom dei beste mennane fraa Raumarike og Vestfold og Heidmarki, og alle bad dei um aa faa like med seg og leggja de i haug i sitt fylke, og dei venta seg gode aaringar, um dei fekk de. Men dei vart samstemte um aa byta sund like i fire lutir, og hovude vart hauglagt paa Stein [4] paa Ringerike, men kvar tok sin lut heim med seg og hauglagde, og alle desse haugane kallar dei Halvdans-haugar.


Notar:
1 Torn er her torn ("tonn") eller ei hempe-naal i eit spenne.
2 Smaa horn eller knutar.
3 Rykinsvik, no Røkenvik paa austsida aat Randsfjorden i Brandbu herad.
4 Garden Stein i Hole herad paa Ringerike.



Frå Snorre Sturlason: Kongesogur. Kristiania: I.M. Stenersen & Co Forlag 1900. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad