Snorre Sturlason: Frå Soga um Harald Haarfagre

(Omsetjing, 1900)

Omsett av Steinar Schjøtt

3. Kong Harald sende nokre av mennane sine etter ei gjente, som heitte Gyda, dotter til kong Eirik fraa Hordland; ho var fostra i Valdres hjaa ein storbonde. Kongen vilde hava ho til frille, for di ho var ei ovende væn gjente og heller storlynd. Daa sendemennane kom dit, so sagde dei ærendi si til gjenta. Ho svara soleis, at ho vilde ikkje spilla møydomen sin til aa faa ein konge til mann, som ikkje hadde større rike enn berre nokre faa fylke aa raada for. "Men de tykkjer eg er underlegt," segjer ho, "at de ikkje finst ein konge som vil taka heile Norig og vera einvaldskonge yvi, sameleis som kong Gorm i Danmark og kong Eirik i Uppsalir." Sendemennane totte at ho svara fælt so kaut, og spurde kva ho meinte med dette svare; dei sagde at Harald var so megtug konge, at ho fulla kunde berga seg med honom. Men endaa ho svara annarleis paa ærendi deira enn dei lika, so saag dei seg ikkje syn til aa faa ho burt denne gongen, naar ho ikkje vilde sjølv, og dei laga seg daa til aa fara. Men daa dei var ferdige, vart dei fylgde ut. Daa sagde Gyda til sendemennane og bad deim bera desse ordi hennar fram til kong Harald, at ho vilde ikkje samtykkja aa verta kona hans paa annan maate, enn at han for hennar skuld fyrst lagde under seg heile Norig og raadde likso fritt for de rike, som kong Eirik for Sviavelde eller kong Gorm for Danmark, "for di at daa fyrste, tykkjer eg, kan han heita tjod-konge," segjer ho.
 
4. Sendemennane fòr attende til kong Harald og fortalde han kva gjenta hadde sagt, og sagde at ho var overlag djerv og vitug, og totte de var maata, at kongen sende mykje folk etter ho og tok æra fraa ho. Daa sagde kong Harald, at de var ikkje ille sagt av denne gjenta, og ho hadde ikkje gjort noko som de var verdt aa hemna seg for, og bad ho hava stor takk for ordi sine: "ho hev mint meg um de, som eg tykkjer de er underlegt at eg ikkje fyrr hev komi til aa tenkja paa." Og han sagde attaat: "De lovar eg, og eg tek Gud til vitne, som hev skapt meg, og som raar for alle ting, at aldri skal eg skjera eller kjemba haare mitt, fyrr eg hev eigna til meg heile Norig med skatt og skyld og velde, eller so vil eg døy." Desse ordi takka herføraren Gutorm han mykje for, og sagde at de var kongelegt verk aa halde sine ord.


Frå Snorre Sturlason: Kongesogur. Kristiania: I.M. Stenersen & Co Forlag 1900. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad