Sibiria

(Lesestykke, 1885)

Av Steinar Schjøtt

Sibiria er eit uhorveleg stort land, 40 gonger større enn Norig, men det ligg nørdst i Asia og hallar nordetter, og korkje fjell elder skog liver mot den isande kalde nordanvinden. Store stykkje av dette landet er øydemarker av sno og is, og mykje er berglende og steinutt. Men i synsteluten av landet er det fagert og godt lende mange stader og høveleg varmt, paa lag som i Tyskland. Faa land i verdi er det so gresgrendt som i Sibiria. Endaa i vaare dagar bur det berre væl 3 millionar der (ein halv gong til so mange som i Norig), umkring 12 menneskje paa ei rutemil. Til aa faa folk til aa bu der hev den russiske styringi i noko yver 100 aar sendt allslags brotsmenner dit. Der er 5 klassar av brotsmenner. Den eine er slike, som fær lov til aa gjera, kva dei vil, men er under uppsyn av politiet.

Den andre klassen er slike, som vert innskrivne i ein av dei sibiriske bataljonarne; dei er under overlag stræng tugt, men fær lov til under tilsyn aa skriva heim og faa brev fraa heimefolket.

Tridje klassen er nybyggjarar, som fær jord og hus av styringi og slepp aa betala avgift i dei fyrste aari. Naar dei hev voret der i 10 aar, fær dei same avgift og rett som bønderne paa keisar-godsi.

Fjorde klassen er dei, som vert sette til aa arbeida i bergverki. Det er mest røvarar og mordarar og andre grove illmenne, som kjem der. Dei er heiltupp rettlause, er utanfor loven, fær laak kost og strengt arbeid og hard medferd, so dei for det meste berre held ut nokre faa aar. Dei fær ikkje brevsendast med heimefolket. Dei er liksom livande jordad. All si tid er dei under jordi og kjem ikkje upp, fyrr dei hev mest stridt av; so fører ein dei paa hospitalet og let dei slokna der.

Femte klassen er og slike, som er dømde for grove lovbrot. Dei lyt gjera det tyngste og grøvste arbeidet paa tugthuset og hev allstødt lekkjur paa seg.

Ingen fær lov til aa koma heim forutan løyve av styringi.

Soldatar med ladde byrsur forer fangarne til Sibiria. Der det ikkje er jarnveg, lyt dei gaa tilfots, med lekkjur paa, naar dei kjem gjenom ein by. I allslags ver lyt dei gaa, i brennande solsteik, storm og regn, um veteren i knakande kulde yver veglause vidder, der nordanvinden gjeng gjenom merg og bein og berre einkvar staken syner leidi. Soleis gjeng dei dag etter dag, maanad etter maanad, tvo aar og væl det, naar dei skal austlengst i Sibiria, forutan stans fraa otta graa til svarte kvelden, 3-4 norske mil um dagen; gjenom myrke skogar, sandmoar og steinlende gjeng ferdi i eit masande, kvar lyt bera eit knyte med klæde og mat for eitpar dagar. Stundom hender det, dei ikkje naar fram til hus og lyt sova ute um natti.


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania, 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad