Napoleon i Russland 1812

(Lesestykke, 1882)

Av Steinar Schjøtt
 
 
I Juni gjekk Napoleon yver grense-elvi Njemen, og vart forbinad, daa han ingen fiende møtte. Ein her vart send mot St. Petersburg, men kunne ikkje sleppa fram. Napoleon sjølv gjekk med hovudstyrken, 300,000 mann, mot Moskva. Russaranne berre drog seg attende og hadde med seg elder øydelagde alt, som etande var, og paa dei uhorvelege vidderne drog Franskmennerne fram og fann korkje mat elder fiendar, og dei leid mykje vondt, takom-til av solsteik og regn og takom-til av kulde, mangfaldige vart sjuke, og hestarne sturtad i tusundvis. I august kom dei til  S m o l e n s k  ved Dnjepr-elvi. Russaranne tvingad daa den øvste herføraren, B a r c l a y  d e  T o l l y, til aa prøva eit slag; etter ei hard slaasting laut Russaranne gaa attende, øydelagde alt, som dei ikkje kunne taka med seg, og kveikte eld paa byen. Napoleon totte fyrst det var uraad aa gaa lenger fram os [sic] seint paa aaret, men han kunne ikkje styra seg, han vilde til Moskva, som Russaranne heldt for ein heilag by og for den rette hovudstaden; kom han dit, tenkte han Russaranne vilde taka mot den freden, han baud. So bar det fram att, mange døydde, sistpaa var 100,000 mann gjengne med. Endeleg vart Russaranne harme, for di dei allstødt drog attende, og vilde vaaga eit slag til aa berga Moskva. Aleksander laut setja  K u t u s o v  yver heren, og 7de september biad han Franskmennerne ved  B o r o d i n o, 14 mil fraa Moskva. Det var umkring 130,000 mann paa kvar side. Soli skein klaart: »Det er Austerlits' sol«, sagde Napoleon. Fraa 6 um morgonen til svarte natti slost dei. Det var eit av dei fælaste slag, etter krutet vart uppfunnet. Meir enn 70,000 falne og særde laag paa slagmarki. Kutusov laut gaa attende og kunne ikkje berga hovudstaden, men heren hans var ikkje øydelagd.
 
 
Napoleon gjekk no mot Moskva og var viss um, at her skulde soldatarne hava nøgdi av alt heile veteren og kvila seg ut, og at Russaranne vilde beda um fred. 14de september kom han fram aat portarne. Han ventad nokre timar paa, at raadsmagti skulde koma ut med lyklarne og beda mjukt um naade, so som han var vand med andre stader. Ingen kom. Daa sprengde dei portarne og gjekk inn. Ingen gjorde motstand; det var gravstilt. Av 300,000 menneskje var knapt 20,000 att i byen. Um kvelden tok det til aa brenna i byen, men dei vyrde det ikkje stort, og Napoleon tok herbyrge paa Kreml, der dej [sic] russiske keisaranne fyrr hadde butt. Natti etter brann det paa fleire hundrad stelle paa eingong, det tok paa aa blaasa hardt, og det var umogelegt aa sløkkja.  R o s t o p s c h i n, som hadde hovdingskapen i byen, hadde fenget folk til aa kveikja eld paa husi. Paa fem dagar brann heile byen so nær som Kreml og ein femtepart af husi.
 
 
Napoleon baud fred, men von Stein, som han hadde jagat fraa Preussen, fekk Aleksander til berre aa tinga for eit syns skuld, og Napoleon let seg narra til aa vera i Moskva radt til ut i oktober. So sende Kutusov bod um, at no fyrst tenkte Russaranne paa aa slaast for aalvor. So laut Napoleon skunda seg heimetter, fyrr Russaranne stengde vegen.
 
 
Av dei 300,000 var no berre 100,000 att, men Russaranne vart fleire og fleire. 13de oktober sette det i med snø, og 19de oktober rømde Napoleon Moskva og var so uppøst, at han sprengde Kreml i lufti. Han vilde taka vegen til Smolensk lenger sud, men Kutusov tvingad han til aa snu. Daa laut han gaa same vegen, han var komen, men der var allting herjat og øydelagt. Kosakkarne hogg inn natt og dag, og det var umogelegt aa finna mat og høy. I november bar det til med streng veter, og daa vart det eit grysjelegt tilstand. Mange av soldatarne kastad byrsurne og foor umkring etter mat og hus, og kosakkarne og bønderne slo dei ihel. Um natta laut dei sova ute, og um morgonen saag ein liki, som dei atterlivande hadde lagt til liksom ein vegg til aa faa livd mot snoi. Naar heren tok til aa marsera um morgonen, so krabbad dei, som ikkje orkad aa fylgja, etter ferdi so langt dei vann, og naudbad hine um aa berga dei. Men kvar tenkte berre paa aa berga seg sjølv. Naar nokon seig ned, so hende det jamleg, at hine reiv klædi av han, endaa fyrr han var sloknad, og hadde paa seg sjølve. Hestarne sturtad, kanonur og vogner stod etter paa vegen, og heren hadde ikkje hestfolk meir. Ved  B e r e s i n a, ei elv, som renn ut i Dnjepr, kom russiske herar fraa Donau og Finnland til aa fanga Napoleon, som berre hadde 12,000 vaapnføre menner att. Men daa fekk han hjelp av 20,000 mann fraa den heren, som han hadde sendt mot st. Petersburg, og fekk bygt tvo bruer yver elvi, og 27de november gjekk han yver. Folk og hestar trengde seg fram um kvarandre, alle vilde fyrst yver, mange vart ihelklemde. Ut paa dagen rauk den eine brui, og mange druknad. Mangfaldige vart etter paa den øystre sida og vart drepne af kosakkarne.
 
 
No aukad kulden paa til 20-30 gradar, heren vart uppløyst, og kvar for seg drog seg etter landevegen so godt han kunne. Dei fleste hadde slitet styvlarne av seg og laut tulla klutar um føterne. Dei hadde paa seg alt det, dei hadde att av herfanget fraa Moskva, og ein kunne sjaa soldatar i kvinnfolkkjolar, husarar i prestekjolar elder klædde som jødiske rabbinar. Mange staukad fram med blaastr (koldbrand) i føterne, forutan mæle og samling. Napoleon sat i ei vogn tagall og stirde ende fram for seg. Femte desember reiste han fraa heren sin i Smorgoni i Lithauen og køyrde han den lange vegen. Det var lukka, at Russaranne og leid so mykje, at dei mest ikkje var gode til aa forfylgja. Endeleg naadde leivningarne Njemen; marsjal Ney, »den djervaste av dei djerve« og prins af Moskva, var den siste, som gjekk yver.
 
 

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad