Maalsak utan Romantik

(Artikkel, 1879)

Av Steinar Schjøtt

Vinje var ingen Romantikar. Han skreiv paa eit nytt Bokmaal, det er sannt; men aa taka upp eit livande Maal, som ein sjølv er uppfødd i, til boklegt Bruk, det er inkje romantisk. Vinje (som fleire andre) hev havt ein dubbelt Dualisme aa dragast med. Han var uppfødd med norsk Maal og fekk sidan all sin boklege Kunnskap paa Dansk; daa han so hadde fenget alt sitt Kultur-Innhald inn paa Dansk, skulde han maalgreida seg paa Norsk att. Naar han soleids skulde finna seg sjølv att og taka paa att der han slapp i Tjugeaars-Alderen, so var detta aa fylla ut eit Hol i Utviklingi si, det var aa lækja eit djupt Saar i Diktar-Aandi hans, aa gjera Ende paa Dualismen, so inkje Røysti skulde vera Jakobs og Henderne Esaus; detta var nettupp aa leggja Arbeidet sitt tett inn til det verkelege Livet, og der var inkje Røyken av Romantik i det.
 
 
Det er sannt, at Vinje og me kann gjerne segja Folket, hadde «store, vemodige, Gjenoplivelsestanker.» Slikt fylgjer med, naar eit Folk eingong hev havt eit stort Bokrike paa sitt eiget Maal, og no inkje eig nokot. Hadde inkje Folket «Vemodige Gjenoplivelsestanker» den Stund, det vaknad, vilde det vera eit aandstomt og hjartelaust Folk, som det ingi Raad var fyr. Detta er ei naudturveleg Form fyr det fyrste vaknande Livet. Det er nokot romantisk ved slike «Vemodige Gjenoplivelsestankar», men dei kjem inkje Saki ved, men Utviklings-Stiget. Vinje hev sterkare enn nokon annan Nordmann framsett den Tanken, at Livet gjeng fram allstødt, og «fram mot eit betre seg søkjer.» Same Tanken hadde Henrik Wergeland, og baade tvo var difyr Optimistar. Men detta er rake Motsetningi til Romantikken. Wergeland sagde dei merkelege Ordi: «Vi ville være som Kroghs Støttenorskei Malm og Klang og Præg og Pryd, og dog under Borgerkrandsen skuendefrit og vidt ud i Verden». So meinte Vinje det og. Baade tvo tok mest Mynstri sine fraa England. Dei vilde inkje, at me skulde faa vaar aandelege Næring gjenom Danmark, men at me sjølve skulde ganga radt til Kjelda, og inkje faa Kultur-Straumen gjenom danske Takrennur. Welhaven var ein Maalsmann fyr den danske Romantikken og dei, som vilde hava Danmark til Millommann millom oss og Europa. Det fyrste Bjørnson var Diktar, var han og Maalsmann fyr Romantikken, og Vinje skreiv kvasst og skjerande og vyrdslaust mot «Arne» og Bjørnson i 1859 (DølenNo. 15), som han segjer er ei «Skalkeherming» (Parodi).
 
 
Naar me ser paa det, som er Mergen og Kjernen i Tankelivet hans Vinje, so er han heiltut Realist. Kannhenda var detta nettupp Grunnen til, at det drygde so lenge, fyrr me vilde godkjenna han. Daa Maalsaki fyrst kom upp fyr Aalvor (1858) trengde me nettupp Romantik, og det er Bjørnsons store Æra, at han gav det som Folket trengde −for me var litet utviklad, og Bondelivet, slik som det var i Røyndi, vilde me nok inkje likat. No i vaare Dagar, daa «Maalsagen og mere har just en af sine brændende Gjennemgange», treng me so hjarteleg til Realisme, so me inkje skal verta liggjande atterut fyr heile Europa, og difyr kann me aldri fulltakka Bjørnson, fyr di han no hev vaagat seg til aa verta Realist fullt ut. Men det er visst og sannt, at der, som han stend no, hev det stadet inkje so faa Maalmenner i lange Tider, endaa dei inkje hev synt det so mykje i Skrift og Ord, som dei skulde.
 
 
I Stykket hans Bjørnson talar han um «kaad Slarv», «denne kaade Spotter» og meir slikt um Vinje, og han hev mykje Rett i det, men det er for hardt aa draga fram detta og inkje nokot av alt det gode. I Fyrstningi log Folk aat Maalsaki og Vinje, og dei brydde seg inkje um aa lesa annat av honom enn det, som var «flirande.» Heldt Vinje ein Fesjaa-Tale, skulde den og vera «flirande». Han var liksom ein «Bajas» i mange Aar. Jamvæl mange Maalmenner iddest inkje lesa annat enn aandfullt Fjas av honom, og likad ille, at Vinje, etter kvart som Folket tok til aa kjennast ved han og han fekk større Sjølvtillit, vart meir aalvorsam og «positiv». I dei siste Liveaari hans Vinje var det litet att av «Kynisme» og «kaad Slarv». Bjørnson kunne med Sanning segja i Studentarsamfundet i 1870 den 26de Mars, at Vinje hadde skrivet Dikt so fagre, at dei mest kunne mæla seg i Vænleik med Wergelands. Eg hev aldri likat Bjørnson so godt som denne Kvelden, daa han sagde seg viljug til aa offra sine «Lidenskaber» og sagde, at Vinje skulde fyr lang Tid sidan hava voret «indbudt Medlem» i Samfundet, og det so reiste seg ein Storm av Huing og Skrik, og Bjørnson stod der som eit Fjell i Stormen og slo ned heile Uvedret med desse faa ordi: «Ja, var det ikke det jeg vidste!» Bjørnson hadde mykje aa gløyma, fyrr han kunne tala slik um Vinje, som han gjorde den Kvelden. Sidan skreiv Bjørnson eit fagert Dikt, daa Kona hans Vinje var Sloknad, og han gjekk med i Likferdi som eit Merke paa Samlag millom honom og Maalmennerne; det var liksom den gamle Striden vart nedsonad her yver Gravi.
 
 
Desse gamle sonande Minne vil me tenkja i denne Tidi, so me inkje skal tru, at Klufti millom Bjørnson og oss er større enn ho røyneleg er.
 
 
Vinje var ingen Romantikar; inkje er Maalsaki romantisk helder etter sin Tanke og sitt Upphav.
 
 
I gamle Dagar misste Norig etter kvart Handels- og Sjømanns-Standet; Her og Flote kom reint i Nedfall, Folket var politisk umyndigt, og alt stod paa Kongen, og daa me so fekk Konge ihop med tvo andre Folk, laag Landet styrelaust og misste dei Samfundsklassame, som kunde halda eit Aandsliv uppe, og so misste det Bokmaalet sitt med. Av det norske Folket var det berre Bønderne att, og det norske Maalet vart berre eit Bondemaal.
Sidan kom Landet til Magt att; me fekk att baade eit norskt Handels- og Sjømanns-Stand; eit nationalt Landsforsvar vart skipat (under Kristjan den fjorde); der lagad seg til høgre Samfundsklassar av norsk Rot som kunne bera eit Aandsliv, Folket fekk politisk Rett og Sjølvstyre, og so lyt vel Folkemaalet verta Bokmaal att og, soframt der endaa er Livskraft i Folket. Detta er ei greid historisk Utvikling og inkje Romantik. −«Og er Bonden vakt ved Krigsraabet «Du, du, du, du!» −−−jo da skal vi faa Aandsfrihed og Oplysning; da skal vi faa Fremtid!» So segjer Bjørnson. Paa detta lyt eg svara med hans eigne Ord, som han vil skal gjelda paa eit annat Tilfelle: «Tiden faar saa vise, hvad det videre bliver til. Det bekymrer mig ikke i mindste Maade. Vi har alene at vaage over, at i vor Tid sker (i dette som i andre Stykker) det naturlige.» Soleids talar ein Framstigs-Mann. Er det naturlegt (som Maalmennerne trur) aa taka upp vaart eiget Maal til boklegt Bruk, so skal me gjera det og inkje setja upp eit Skræmebilæte um det Aandstyranni, som Bonden kannhenda kjem til aa syna eingong; for det vilde vera,inkje aa leggja Arbeidet inn til det verkelege Livet, men tvertimot aa fylgja ein Doktrin (ei uppgjord Tru elder Læra). Aa kveda um Bønderne
 
 
som «saa stille bære
den Troskab, som er vor Ære;»
 
og: «Hvad Bondens Bund kan bære,
skjønt aldrig der blev saad,
Det er vor Folkeære,−
og har vor Fremtid spaad,»
 
 
men so ræddast, at desse Bønderne skal trælka ned Aandslivet, um dei fær nokor Magt, det er −−Romantik. Men det forstend seg, difyr kann Bjørnson godt hava Rett i detta Stykket. Her er ein Faare, det trur eg og. Men der er ein Faare, som er endaa større og endaa vissare paa ein annan Kant, og det er Faaren fyr aa missa Nationaliteten vaar. No i desse fyrste tjuge Aari kann Norig faa att Tungemaalet sitt −elder so aldri. Her er eit stort Andsvar. Lat oss inkje smetta fraa ein mindre Faare og taka ei Ulukka, som vil vera stor og viss og botelaus. Kann Maalsaki, slik som Bjørnson fæler fyr, veksa upp til ein Straum, som Hovdingarne fyr Saki inkje kann styra lenger, daa er detta eit Livsmerke, som syner, at Saki hev Rett til aa koma fram og inkje er ei Tilstelling berre. Maalmennerne hev mykje Skuld i, at Bjørnson og mange andre trur, at Maalsaki berre er til fyr Bønderne, fyreinSamfundsklasse, og at Bønderne vil faa Bugti og baade Endarne, um Saki gjeng. Men so faarlegt er det inkje. Sjøfolket vaart og det meste av Byfolket snakkar og Norsk, og mange snakkar reint utifraa godt Norsk, og det norske Maalet fer likso vidt umkring som Flaget vaart. Eg hev høyrt likso «ljomande» norskt Maal i London som i Gudbrandsdalen. Det er inkje berre Bonden, som treng ei Maalreising. Det er undarlegt fyr ein Maalmann aa vera Lærar i Norsk ved ein Byskule og læra Borni det danske Maalet, Ord fyr Ord, og Setning fyr Setning. Er det Søner til Arbeidsmenner elder Handverkarar elder Smaahandlarar, kann Skulen slett inkje byggja paa den Grunnen som Heimen hev lagt; Skulen maa gjeva nokot reint nytt, og etter mange Aars Stræv vert det berre Fusk likevæl mot slik som det kunde hava voret.
 
 
Bjørnson meiner, at «Samling, stærk Samling i anstrængt Arbeide er det eneste Vilkaar for at hævde vor Selvstændighed.» Det er sannt, men ei stærk Samling kann me aldri faa under eit framandt Merke. −«Man lærte mig jo, at Bondens Maal var et helt andet Sprog, omtrent som Finsk eller Flamsk i Forhold til Svensk og Fransk.» Detta kann me inkje taka etter Bokstaven; ingen Maalmann kann segja slikt fyr Aalvor. Bjørnson tarv helder inkje læra av andre korleids Maalet er, han hev sjølv fyr mange Aar sidan utgjevet ei Forteljing (ei faarleg Friing) paa Landsmaal, og iRedaktøren,som kom ut fyr faa Aar sidan, er det ein, som snakkar Landsmaal. Bjørnson kann soleids hava ei Meining um detta likso godt som nokon annan. Men so segjer han, at fyrdi han trudde Norsk veik so mykje ut fraa Dansk og Svensk, heldt han paa eingong og trudde, at «Bonden kommer ikke med uden gjennem sit eiget Maal.» Jau han kann nok koma med i Kunnskap og Forstand paa dansk og, endaa det vil kosta større Stræv, men han misser Nationaliteten sin, og det fylgjer altid nokot demoraliserande med det. Han kann umogeleg hava den staute republikanske Sjølvkjensla og inkje kjenna seg som den friborne sjølvstøde Nordmannen, naar han er liksom uppriven med Rot av Heimegrunnen og talar med ei framand Tunga, som høver til eit annat Land og ei onnor historisk Utvikling. Og difyr vil eg segja so mykje, at um den forunderlege Doktrin var sann, som Bjørnson hev knesett «at i Maalforskjellen har Bonden [1] heller en Betingelse end en Hindring» til aa naa Kunnskap, vilde eg endaa helst, at Bonden skulde læra paa sitt eiget Maal. Kunnskap kann ein altid faa, um det skortar, men er Nationaliteten eingong sloknad, kann ein aldri faa han att meir. Men det vil vel dei fleste tru, at baade lærde og ulærde, og helst dei siste, lærer best paa sitt eiget Maal. Og den, som fyrst fann paa denne Doktrinen, meinte vel og, at det berre skulde gjelda, naar norske Bønder skulde læra seg Dansk, men inkje naar Byfolk skulde læra seg Norsk. Maalmennerne kunne elles hava god Grunn til aa ynskja, at Folk vilde tru paa denne Doktrinen, for daa kunde ingen, som vil at Bonden skal faa Kunnskap, hava nokot mot, at han fekk den fyrste Undervisningi paa sitt eiget Maal.
 
Bjørnson segjer, «at i Almuens Sprog er der noget almueagtigt,» og at Garborg ««eftergjør» i Ordstillingen, i Takten, Bondens Udtrykssæt, saa selv det høieste faar en Jeip efter sig, som ligner «den Kroppen; eg mødte den Kroppen»; −thi dette siger Bonden, om han møder Landets ærværdigste Mand.»
 
 
Ingen hev større Rett enn Bjørnson, det eg veit, til aa leggja sitt Ord med i Laget i slike Spursmaal; men eg lyt no svara nokot. Det kann ingen undras paa det, at der er nokot «almueagtigt» ved eit Maal, som endaa fyr det meste berre er eit Aalmugemaal, og det er inkje meir enn ventelegt, at det tidom vil «flenga» til baade fyr Garborg og nokon kvar elles, at det vert hangande nokot «almueagtigt» i Stilen, naar ein skal skriva inn høgre Ting («Flenga» vil segla «indtræffe af og til,» og eg forstend inkje, at det er nokot meir simpelt ved «flenga» enn ved «indfræffe» elder «forekomme»). Men korleids Garborg og ein og annan elles kann vingla til aa skriva, det vaattar litet, tykkjer eg. Hovudsaki er, at baade Garborg og mange andre hev skrivet mykje, som inkje finst Namnet til «Gjeip» i elder nokot «Neddrag af Kulturens finere Tankegjenstande» o. s. v. Tenk paa dei Salmurne, som det norske Samlaget hev utgjevet, paa «Storegut,» «Liv,» og mangt av det som Ivar Aasen og Krohn hev skrivet.
 
 
Det skal ingen undrast paa, at Folk i Gudbrandsdalen segjer: «eg møtte den Kroppen», om han møder Landets ærværdigste Mand.» Etter Ivar Aasen brukast Ordet Kropp i Gudbrandsdalen «ofte med Begrebet: Person, Mand; især fremmed.» Bjørnson hadde truleg inkje funnet nokon Gjeip i det um ein Døl hadde kallat «Landets ærværdigste Mand» «en fremmed Person;» men naar Dølen kallar han fyr ein «Kropp,» er det just detta han meiner; han gjeipar inkje etter nokon. Paa Engelsk segjer dei nobody og somebody (ingen Kropp og einkvar Kropp), og brukar Ordet «Kropp» (body) um fælt «ærværdige» Korporationar og dei finaste «Laug»!
 
 
Mangt av detta, eg her hev skrivet um, ligg det inkje so mykje Lag paa. Bjørnson held med oss i det, som no i Fyrstningi i det minste er Hovudsaki, at Bønderne hev Rett til aa faa den fyrste Undervisningi paa sitt Maal, til aa læra aa bruka Maalet sitt i Skrift og Tale, so dei sidan kann bruka det, naar og kor dei vil sjølve. Kann Bonden lesa skikkeleg sitt eiget, vil han hava lettare fyr daa aa læra Dansk, enn han hev no, naar han tek paa med Dansken i 7-Aars-Alderen og korkje lærer det eine elder andre til Gagns. Den 12 Aars-Guten, som skreiv den norske Stilen, som stod iFedraheimenNo 19. tenkjer eg nok kann læra seg Dansk og. Og det vil i lange Tider vera naudturvelegt fyr dei Bønderne, som vil hava større kunnskap, aa læra seg Dansk elder Svensk, men det lyt Maalmennerne arbeida trottugt paa, at dei, som inkje hev Tid elder Raad elder Gaavur til aa læra mykje, kann faa den Upplysningi, dei treng, paa Landsmaal, so dei i det minste slepp aa bala med eit framandt Maalføre.
 
 
Kunne so Bjørnson og andre «bøie vort Skriftsprog (det danske Bokmaalet) tilrette for den Almue o. s. v.,» daa vilde dei gjera ei god Gjerning, for te mindre Skilnaden paa dei tvo Maali vert, te betre vil det vera. Bjørnson sjølv legg Ordelagi sine so nær han kan til Landsmaalet, so han arbeider truleg fyr si Meining, men elles er det inkje stor Framgangen aa sjaa paa den Leidi. Det knudsenske Maalstrævet, dei kallar, hev inkje sett store Merke i «Bogsproget.» Kann inkje «Bogsproget» lempa seg i Form som i Ordelag etter Landsmaalet meir enn det hev gjort til no, vil det visseleg inkje hava lang Tid att til aa liva. Den reine Dansken er i Lengdi reint ut umogeleg i Norig. Vil Bjørnson vita mi Meining um Pontoppidan, skal eg segja det stutt og greit. Kunde ein Maalmann umskriva Pontoppidan paa Norsk so makalaust godt, at han paa den Maaten fekk heile Presteskapet og heile Aalmugen til aa ganga med paa Maalsaki, vilde eg endaa segja:
 
 
Nei, mange Takk.
 
[1] og sjølvsagt andre og.
 

Frå Fedraheimen 15.3 og 19.3.1879. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad