Kva heimssoga skal gjeva greide paa

(Føreord til Lærebok i heimssoga til bruk fyr seminar, 1899)

Av Steinar Schjøtt

Der hev livt menneskje paa jordi i mange tusend aar, men me veit ikkje stort um, korleis dei hadde det i dei eldste tider. Dei hev funnet leivningar etter store dyr, som livde fyrr i tidi, kjempe-hjorten med horn, som var 3 m lange, det langraggad mammut-dyret, mykje større en ein elefant, den fælslege heller-bjørnen og kjempe-tigeren og mange andre. I lag med desse dyri budde der menneskje. Dei hadde vondt fyr aa greida seg i den ville leiken millom alle desse stordyri; dei laut bruka forstandi og lagad seg verjur av tre og stein, allvisst tinnestein. Dei klædde seg i huder og budde i hellerar og livde av ber og frukt, dei ville dyri i skogen og fisken i vatnet. Sidan tok dei til og tamde dyr, og av dei fekk dei kjøt og mjølk og ull. Med buskapen sin drog dei umkring paa beitemarkerne og budde i tjeld, som bibelen fortel um patriarkane (nomade-folk). Sistpaa fann menneskja paa aa dyrka jordi og byggja seg hus.

Den eldste tidi, daa folk berre brukad verjur og reiskap av tre, stein og bein, kallar dei steinalderen. Sidan fann dei paa aa bruka kopar, men daa det var for blautt, blandad dei kopar ihop med litt tinn, so det vart bronse; dei fann gull med og brukad det til stas. Denne tidi kallar dei bronsealderen.

Sidan tok dei paa seg og lagad seg verjur og reiskap av jarn. Denne tidi kallar dei jarnalderen. Her uppi Norig kom jarnet i bruk umkring Kristi tider.

I den tidi, daa folk livde paa villmanns-vis, for dei umkring i lause flokkar. Daa dei fekk buskap, drog kvar ætt fyr seg umkring, og ætte-hovdingen styrde. Daa dei busette seg, slo fleire ætter seg ihop til aa verja seg mot yverfall; den gjævaste ætte-hovdingen vart konge, og naar noko stod paa, samraadde han seg med hine ætte-hovdingarne. Kongen var mest liksom ein far fyr folket (patriarkalskt kongedøme). Slikt var kongedømet i smaariki i Hellas; men paa dei store vidderne i Ægypt og Vest-Asia lagde kongarne under seg mykje folk vidt og breidt og styrde dei store riki sine som herrar, og hine laut lystra. Der fekk kongarne einvelde.

Endaa finst det folk, som liver paa villmanns-vis, og sume held endaa paa og driv umkring med buskapen sin, kvar ætt fyr seg. Desse hev gjenget lite fram, og mange av dei stend paa same steget, som dei stod fyr mange tusend aar sidan. Desse folki er lite nemnade her. Men der, som folki fekk fast bustad og samlad seg til større samfund, lærde den eine den andre, og her gjorde dei store uppfinningar. Andre folk lærde av dei og lagde til noko av sitt eiget, og soleids vart det fragang og vokster. Ender og daa hev det komet eit atterslag, so det saag ut, som det gjekk attende. Men i det heile hev det gjenget fram radt til vaare tider.

Denne framvoksteren skal heimssoga gjera greide paa.

Fleire tusend aar, fyrr Kristus vart fødd, busette folk seg umkring dei store elvarne i Kina. Her vart det eit stort rike og ein dugeleg framvokster. Men Kina-folket sullad fyr seg sjølv og hadde ingen til aa kjeppast med, og dermed vart det sistpaa eit stans, og det kom ikkje lenger. Daa dei mest ikkje hadde umgjenge med andre folk, er det og lite nemnande.

Sameleides vart det med folket i Japan og.

Baade desse folk høyrde til den gule folke-ætti. Dei var skeivøygde og hadde svart, lett haar. Til same ætti høyrer mongolar i Asia, tyrkar, magyarar (madsjarar), finnar og kvænar i Europa. Heile denne store folke-ætti kallar dei den mongolske. Truleg var det fleire mongolske folk umfram dei i Kina og Japan, som tok seg godt fram i den eldste tidi, men me veit so lite um dei. I Afrika budde svarte folk med ullhaar, negrar, dei kallar, sunnanfyr Sahara; i Amerika raude indianar. Sudaust i Asia budde brunleitte, krullhærde malayar. I utkantarne av mannaheimen budde eskimoar nørdst i Amerika, hottentottar synst i Afrika, og austral-negrar i Australia. Desse folki, som budde i utkantarne, kom aldri langt, og sume av dei er villmenner endaa. Negrarne kom ikkje langt dei helder og er lite rødande um. Av indianarne i Amerika hadde sume folk ikkje liten kultur, allvisst i Peru og Meksiko, men daa dei budde langt fraa hine folk, vart dei aldri med i den aalmennne framvoksteren.

Tvo store folke-ætter hev fenget namn etter dei 3 sønerne hans Noah, den semitisk-hamitiske og japetiske. Hamitarne budde i Afrika nordanfyr negrarne; til semitarne høyrer jødar og arabar.

Den megtigaste av alle folke-ætter er den japetiske elder indo-europeiske; ho bur radt fraa India til Atlanterhavet. Til den høyrer i Asia indar, medar, persar og dei fleste folk i Litle-Asia, og flestalle folk i Europa, keltar, grekar og romarar, slavar og germanar. Dei er fyr det meste høgvaksne, ljosleitte og blaaøygde. Kor dei busette seg, vart dei herrar i landet og grunnlagde rike.

Umkring Middelhavet laag det finaste lende, fraudigt og solbakat, med svalande havvind. Rundt umkring dette havet busette desse tvo folke-ætterne seg, hamitar i sud, semitar i aust, grekar og romarar i nord. Dei vaagad seg ut paa havet, vart vidfarande og djerve. I Ægypt og Babylonia var der ein gamal kultur. Denne gjekk sidan fraa folk til folk og voks etterkvart, som han kom nordetter og vestetter. Sistpaa vart alle land umkring Middelhavet samlad til eit stort rike med ein mangslungen og stor kultur. Dei fleste folkeslag gløymde daa sitt gamle maal og si gamle tru; dei fekk ei tru, kristendomen, og ei styring, kjeisaren i Rom. Fraa den eldste tidi, til det vestromerske kjeisardømet vart utlivt og rauk 476 etter Kristus, kallar me gamletidi.

Daa det vestromerske kjeisardømet rauk, var det mange germanske folk, som hadde busett seg i dei land, som Rom hadde aatt. Dei var djerve folk, men fælt raa. Dei grunnlagde store rike i Frankrike, Tyskland, England og i Nord-landi, lærde kristendomen og tok seg ypparleg fram. Denne tidi til umkring 1500 etter Kristus kallar me millomalderen.

Umkring 1500 etter Kristus gjorde dei store uppfinningar; dei for paa lange sjøferder og landeleit og reinskad kristentrui. Fraa den tid vart det ein rik framvokster til vaare dagar, og ymse folk i Europa lagde store stykke av hine heimsbolkarne under seg. Denne tidi kallar dei den nyare tid.


Frå Lærebok i heimssoga til bruk fyr seminar. I Gamletidi og millomalderen. Ved S. Schjøtt. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1899. s. 1-4. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad