Harald Haarfagre 860-930

(Lesestykke, 1893)

Av S. Schjøtt

Daa Halvdan Svarte døydde, var Harald, son hans, 10 aar gamal. Dei fortel, at han lovad ved den gud, som hadde skapt han og som raadde fyr alle ting, at han vilde ikkje skjera elder kjemba haaret sitt, fyrr han hadde lagt heile Norig under seg. Dermed tok han det eine fylket etter det andre, og sistpaa vann han i eit stort sjøslag iHavrsfjorden(ei halv mil sunnanfyr Stavanger). 872. Daa var han konge yver heile Norig.

Strakst etter var han i gjestebod hjaaRagnvald jarl paa Møre, far hans Gange-Rolv. Ragnvald skar haaret hans, som ikkje hadde voret skoret elder kjembt paa 10 aar, og gav han namnetHaarfagre.

Harald tok odelen fraa bøndene, og dei laut betala skatt av gardarne sine. Han tok seg ei hird av dei gjævaste mennerne og innsette jarlar i fylki til aa skifta lov og rett og krevja skatt. Jarlen fekk tridjeparten av skattarne i løn, og i ufred skulde han hjelpa kongen med 60 mann. Under kvar jarl innsette Harald fleire hersar, som styrde kvar sitt herad, og i ufred hjelpte kongen med mannskap. Kongen lønte dei paa den maaten, at han gav dei kongsgardar til len, og sidan vart dei kalladlendmenner(som hev fenget land).

Mange storbønder likad ille, at dei ikkje fekk raa seg sjølve som i gamle dagar, og for ut or landet. Ikkje lenge fyrr hadde nokre vikingar funnetIsland. Etter slaget i Havrsfjord drog nokre stormenner dit; men det var ikkje mykje, som drog dei til Island. Det ligg 120 mil ut i havet, og det var eit farlegt hav aa sigla paa. Island er so stort som tridjeparten av Norig med gode beite og godt fiske, men det meste av landet er bredar og øydemarker, og der er raakaldt og vindhardt. Dei fleste storbønderne drog helder til Færøyarne og dei skotske øyarne og busette seg der, og derfraa siglde dei til Norig og herjad i riket hans Harald. Sistpaa laut han gjera ei herferd imot dei og innsette ein jarl paa Orknøyarne og Hjaltland, og dermed laut mange av utvandrarne taka vegen til Island. Sume av dei hadde teket ned hovi paa gardarne sine og hadde med seg timbret og nokot av moldi, som hadde voret under gudebilætet.

Mange drog tilJamteland ogHelsingland, og Gange-Rolv, som Harald hadde lyst fredlaus, fyr di han hadde gjort strandhogg 1), for til Normandie.

No raadde Harald yver heile Norig fraa Gjøtaelvi til Finnmarki og tok skatt av finnarne i Finnmarki.

Harald hadde mange søner, og alle gav han kongsnamn og rike aa styra, og han sette i loven, at alle etterkomararne hans pa mannssida skulde vera kongar. Best lika han Eirik. Daa han var 12 aar, fekk han langskip av far sin og drog i viking og var so djerv, at han fekk namnet Blodøks. Han skulde vera yverkonge, naar Harald sloknad. Yngste sonen hans Harald het Haakon og vart uppfostrad hjaa den engelske kongen Adalstein, og han fekk namnet Adalsteins-fostre. 
 
Harald-sønerne var fælt sjølvstyrne. Eirik Blodøks drapBjørn Farmann, bror sin, som budde paaSæheim (Jarlsberg) ved Tunsberg og vart hauglagd i Farmanns-haugen, som endaa er til. Ein annan av Haralds-sønerne,Halvdan Svarte, vilde hemna dette og hadde nær innebrent Eirik. Dermed drog Harald og Eirik med ein her mot Halvdan, og det saag ut til ufred. Men i heren hans Halvdan var der ein skald, som hetGutorm Sindre; han hadde eingong diktat eit kvæde um Halvdan og eit um Harald, og daa dei baud han løn, vilde han ingenting hava, men berre bad dei, at dei eingong skulde gjera det, som han bad um. No bad han dei um aa forlikast, og det gjorde dei.

Daa Harald var 80 aar, vart han so tungfør, at han gav styringi til Eirik. 930. 3 aar etter døydde han paa sotteseng og vart hauglagd paa gardenHaugeved Haugesund. Gravsteinen er endaa til, og i 1872, 1000 aar etter slaget ved Havrsfjorden, reiste dei ei minnestytte paa gravi hans, og ved den hev dei lagt den gamle steinhella.

1) gjenget paa land og røvat buskapen fraa bønderne.


Frå Norigs soga aat folkeskulen ved S. Schjøtt. Bergen. Utgjevi av Mons Litleré. Prentad hjaa John Grieg 1893. Side 5-7. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad