Olav Sande

Olav Øysteinson Sande (1850-1927) frå Sande på Høyanger sørside.

Olav Sande
Olav Sande
Han budde mesteparten av livet sitt i Leikanger. Lærar, målmann og samlar av folketonar og folkeminne. Gjekk på lærarskulen i Balestrand i 1871. Frå 1899 til kring 1923 samla Sande inn over 3000 folketonar for Norsk Folkemusikksamling i Oslo, frå Sunnfjord i nord til Agder i sør. Dette skal vere det største samlararbeidet som er gjort i Noreg, nest etter folketonesamlingane etter Arne Bjørndal. I tillegg til samlararbeidet komponerte Sande også eigne melodiar. Olav Sande var medskipar av "Firda og Sygnafylkets avis" i Bergen. Han skreiv dei første bibelsogene på nynorsk, som kom ut i 1895.
I 1994 vart det reist minnestein over Sande på heimegarden hans, Instevik.

Frå Ottar Starheim: "Olav Øysteinson Sande", Allkunne.no, sist oppdatert 17.11.2009 [lesedato 31.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.