Viss du vil

(Ungdomsroman, 1998, utdrag)

Eg byrjar i barnehagen, får høyra prima sladder og får vitjing av superhusmora

To timar att på jobb. Min første arbeidsdag. Eg sit på ein benk og ser på ungane som er opptekne med sitt. Den andre barnehageassistenten hjelper to jenter med å teikna opp eit paradis i den tørre grusen. Ungane er helst rolege, men dei blei skuffa då det ikkje blei noko av badeturen. I morgon blir det badetur, men då er eg ikkje på jobb. Det er eg glad for; det må vera litt av eit ansvar å ta med alle desse ungane til sjøen.
 - Får me ha vatn i bøttene våre?
Annabell og Silje ser bedande på meg. Eg veit ikkje heilt kva eg skal svara, eg ser bort på Elsa. Ho har høyrt spørsmålet til dei to og nikkar.
 - De får koma då, så skal me gå inn i gangen og finna vatn.
 - Kvifor har du så lange negler? Mamma seier at det er ekkelt fordi det blir så mykje skit under dei, seier Silje og ser på hendene mine.
 - Det er bra å vera nøyen med å vaska hendene, så går det bra.
Eg høyrer at eg får ein skarp tone i stemma. Kva er det eg gjer? Tek eg meg nær av det ungane seier? Det må eg for all del ikkje gjera.
 - Kva skal de bruka vatnet til?
Dei får berre halvfulle bøtter. Det er nok å sutla med.
 - Me skal laga middag, seier Annabell og prøver å plystra.

Førskulelæraren kjem ut frå kontoret sitt. Ho har tidlegvakt i dag og skal gå heim.
 - Korleis likar du deg?
Ho ser på meg og smiler før ho vender seg mot ungane.
 - Har de fått vatn i bøttene dykkar? De får gå fint ut i finevêret.
 - Jo, eg har likt meg bra.
 - På onsdag skal du ha tidlegvakt. Vakta byrjar klokka sju. Me byter på vaktene, slik at alle har tidleg-, mellom- og seinvakt etter tur. Kunne du tenkja deg å ha samlingsstund for ungane nokre dagar?
Ho stoggar og ser på meg.
 - Det blir nok kanskje litt mykje nytt no i byrjinga, men du kjem nok inn i jobben etter kvart. Ha det bra, me snakkast i morgon.
Annabell og Silje sit i eit hjørne av leikeplassen og kokar middag når eg kjem ut att. Eg må smila når eg ser at oppskrifta er den same som då eg var lita: Gras og blad med sand som både pepar og salt.

Har du helst på kjærasten min?
Pia Maria set seg ved sida av meg og Elsa på benken.
Ho har med seg ein mørkhåra gurt som heiter Markus.
 - Hei, Markus, seier eg og bøyer meg fram.
 - Hei, svarar han stilt, og plukkar på ei lang tynn sårskorpe på eine armen.
 - Er det katten din som har klort deg?
 - Han har ingen katt - har du vel?
Pia Maria ser triumferande på han.
 - Det var ein klungerbusk.

Markus talar lågt og ser ned i bakken, som om han har gjort seg skuldig i noko.
 - Vil du vera med og sjå på bondegarden vår?
Pia Maria dreg meg ivrig i armen.
 - Du får gå med dei, ler Elsa.
Markus blir modigare når me kjem bort til bondegarden, og han viser meg kyrne som er fem store grankonglar. Elles er det helst Pia Maria som pratar. Utan at eg heilt er klar over det, blir eg dregen med i leiken. Byrjar å engasjera meg for at dei kvite småsteinsauene ikkje skal bli oppetne av gråsteinulven.
Midt i leiken fell det ein skugge over bondegarden.
 - Pappa!
Markus lyser opp.

Eg ser opp og blir blodraud med det same. Du.
 - Så du er den nye barnehagetanta?
 - Ehh, ja, eg er vel...hm...det.
 - Har eg ikkje sett deg før ein stad? 
 - Jo, på Sol...Nei, eg veit ikkje. Kanskje. Eg meiner, det er ei lita øy.
Eg reiser meg opp og prøver å vinna tilbake verdigheita.
 - Ragnar, far til Markus.
Du rekkjer fram handa. Eg tørkar mi på kortbuksa før eg gir deg den. Fort ser eg på hendene dine. Ingen giftering.
 - Anneli.
 - Eg skal vera med inn å finna sekken til Markus.
Elsa er komen til, og ho fører deg og gutungen med seg medan ho pratar i veg. I det de går, snur du deg og blunkar til meg. "Du, din mannssjåvinist! Kven trur du at du er? For ein sjølvtillit!" brølar det i hovudet mitt, og eg kjenner at kinna mine brenn.
 - Det er både synd og skam, den kjekke guten.
 - Unnskyld, eg fall ut ein augneblink.
Eg tek meg saman og fokuserer blikket att. 
 - Er det noko i vegen? Elsa ser granskande på meg.
 - Nei, det er berre varmen. Eg kom til å tenkja på noko, seier eg så overtydande eg kan. - Kva er ei synd og skam?
Eg ser at Elsa brenn etter å fortelja. Dette er førsteklasses sladder.
 - Han fann sambuaren sin medan han gjekk på landbruksskulen. Det var no tåpeleg av han å gå der. Ragnar hadde allereie god jobb som bilmekanikar, og i tillegg har han ein eldre bror som er odelsgut. Og veit du kva folk seier?
Elsa legg ut og eg følgjer med. Lagrar kvar minste informasjon om deg på harddisken. Ut frå orda til Elsa dannar eg meg eit bilete av deg. Korleisdu flytta heim og jobba som avløysar rundt på gardane saman med kjærasten din, Helena. At du blei far og måtte ta deg  endå ein jobb for å forsørgja den vesle familien. Ein ansvarsfull mann.
 - No i vår reiste Helena frå dei. Gav blanke i både han og ungen. Og veit du kva folk seier? Ho heiv ein brødristar etter han ein krangel. Ragnar, snill som han er, seier til alle at ho skal utdanne seg vidare og at ho kjem tilbake. Han er no heldig som får behalda ungen førebels men den dagen mora vil ha ungen, må han gi Markus frå seg. Dei var jo aldri gifte.
 - Det kan då vel henda at det er slik som han seier. At ho vil utdanne seg vidare. Kvifor skulle ho ikkje det?
Eg blir sint, samstundes som eg håpar at Elsa har rett. 
 - På skule om sommaren? Nei, ho verka aldri særleg glup. Fór berre rundt i dei fine kleda og sprada. Ikkje kan eg skjøna kva ho gjorde på ein landbruksskule. det var vel hestar ho heldt på med. Ho har gått ifrå han, så seier folk.
Elsa er fornærma i stemma fordi eg ikkje har halde med henne.
 - Det er no verst for ungen. Markus er blitt så stille etter at mora reiste frå dei. Det er viktig for arbeidet å veta kva det er som kan plaga ungane.

Den vaskemaskinen som Teodor lova å skaffa til huset, har eg enno ikkje sett snurten av. Eg tappar vatn i badekaret og har vaskemiddel oppi. Dongeribuksene er ikkje lette å hanskast med, dei blir tunge og stive. Lenge har eg utsett klesvasken, men no må eg berre gjera det. Sidan det er fint og varmt ute, er det ein sjanse for at dei dryppvåte kleda kan bli tørre.
 - Er det her du er? Eg syntes eg høyrte det rann vatn.
 - Hæ.
Eg støkk til og snur meg rundt. Det er mamma. ho står der i raud piratbukse, kvit, litt for kort bluse og med eit silkeskjerf knytt om hovudet. Ungdommeleg og gøyal, som mamma sjølv ville ha definert klesdrakta si. Mamma ser verkeleg yngre ut enn mange andre kvinner på 48 år, og ho er svært populær på Nes. På alle moglege dansetilstellingar i ungdomslaget får ho alltid dansa, også menn som er langt yngre enn henne, byr henne opp til dans.
 - Er det deg?
 - Ja, eg måtte jo koma og sjå om deg. Me har ikkje høyrt ein lyd frå deg på lenge. Kva er det som er i vegen? Er du sint på oss? Eg er verkeleg uroleg for deg. Dette tungsinnet ditt... 
 - Eg har berre hatt så mykje å gjera, tida har gått så fort.
 - Du kunne no ha stukke heimom. Det er ikkje så lange biten. Du har ikkje vore heime sidan du var der for å seia ha det til Beda.
 - Eg skal koma heimom ein tur. Eg kjem på sundag.
 - Då skal eg på friluftsgudsteneste.
 - Så kjem eg ein annan dag.
 - Gjer et. Berre sei ifrå på førehand så skal eg laga fleskesaus til midadg, det likar du jo så godt.
 - Det hadde vore fint. Rart i grunnen, at noko så godt har eit så motbydeleg namn.
 - Har eg aldri tenkt på. Du tenkjer visst på mykje rart, du. Då du var lite og eg gjekk tur med deg i barnevogna, så måtte me alltid stoppa der ute på pynten ved bedehuset. Du sat heilt still i timesvis og berre såg på fjorden, og aldri smilte du eller gav lyd frå deg. Ofte undra eg meg over kva du tenkte på.
 - Må du rippa opp i dei barndomsforteljingane no igjen.
Eg kjenner at eg blir forlegen, og dukkar ned over dei våte og uhandterlege dongeribuksene.
- Du kunne ha kome heim og vaska kleda dine. Eg ville ikkje ha nekta deg det.
Mamma kjem bort til badekaret, og ser ned på klesvasken min.
 - Eg får snart vaskemaskin. Husverten min skulle kjøpa ny, så eg får den gamle.
 - Ja, ja. Du treng i alle fall hjelp til dette. 
Mamma brettar opp ermane på blusen og set i gang. Superhusmora.

Mamma gir seg ikkje før ho har vaska opp, og feia opp smulane og lodottane frå kjøkkengolvet. Så lagar ho til kaffi og tryllar fram ein pakke kjeks.
 - No skal me prata saman, Anneli.
 - Om kva?
 - Om deg. Det er ikkje noko som plagar deg, ikkje sant?
 - Nei, eg har det heilt strålande.
 - Du kan ikkje lyga for mor di. Eg ser når ungen min ikkje har det bra.
 - Særleg, kva er det som er gale med meg, då?
Nei, eg må ikkje gi etter for henne. Det er dette eg hatar henne mest av alt for. Måten ho kryp under huda mi på. Forskar og analyserer alle teikn til opprør. Eg ser det klart for meg no, kvifor eg berre stakk. Det var nødvendig, elles hadde ho analysert meg rett til Bergen for å gå på ein skule eg ikkje ville.
 - Det er det du må fortelja meg. eg veit det er vanskeleg å setja ord på det, men du kan vel prøva?
 - Nei. Eg vil ikkje. Det er ikkje noko ivegen. Skulle det vera noko, kan eg finna ut av det sjølv. Dette har du ingenting med.
 - Anneli, kvifor er du så hard? Eg er då mor di. Ole Petter og Stina har alltid vore så harmoniske...
 - At eg må ha blitt forbytta på klinikken. Takk mamma, men eg har det heilt fint. Kva tid var det du tok hobbypsykologeksamen, forresten?
 - Å, huff, så mykje klokka er blitt. Eg må heim og laga middag til pappa. Me får snakka meir om dette ein annan gong.
Ho ser på klokka før ho slurpar i seg den siste kaffidråpen. Det er synd å kasta mat og drikke. Så seier ho ha det og går.
Eg har ikkje fått trekt pusten eingong før ho står i kjøkkenet att.
 - Det er så liten plass framfor huset at eg får ikkje snudd bilen. Kan du hjelpa? 

______________________________________________________________________

Frå Ingelin Røssland: Viss du vil. Samlaget 1998. Side 48-55.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_______________________________________________________________________