Flyt

(Ungdomsroman, 2002, utdrag)

 - Kvifor i helvete spenner du meg på leggen? Er du forelska i Fireheaden eller?
 - Kvifor kallar du han det?
 - Ser du ikkje det? Håret hans er jo heilt i fyr og flamme.

  - Faen heller, Anette, det der i går var ikkje noko morosamt.
Christin står og vaskar opp, mens eg ligg på sofaen og ser ut i lufta.

 - Blei berre lei. Eg syntes dei kunne gå.
 - Så kunne du vel sagt det, for faen, er vel ikkje nødvendig å åndsa seg av den grunn. Kva er det med deg? Heile klassen synest du er rar.
 - Eg drit no vel i kva klassen syntest! 
 - Som vanleg. Er det noko du i det heile bryr deg om?
 - Niks piks.
Eg reiser meg og begynner å samla inn resten av tomflaskene frå forspielet i går. Ser sjølvsagt at eg kunne droppa det pillestuntet, men eg blei berre så lei alle dei prektige tryna. Ikkje minst blei eg lei hundeblikket til Fireheaden. Herregud, fyren troppa jo opp ein time før alle dei andre kom.
 - Kvifor måtte du vere så jævla dust mot Ole Andreas?
Christin står og fiklar med oppvaskkosten. Eg set frå meg posen med tomflasker ved kjøkkenbenken. Å, satan, så det er sånn det heng saman, Christin er altså forelska i Fireheaden.
 - Korleis kunne eg vita at du er interessert i han?
Du har ikkje sagt eit ord om det. Herregud, Christin, sånt må du jo seia.
 - Eg prøvte, men det er ikkje så lett å koma til, du pratar jo berre om deg sjølv heile tida. Du lèt meg aldri få sleppa til. Din jævla egoist!
Herregud, kva gjer du no? Det å fortelja Christin kvifor eg oppførte meg så dust i går, er i alle fall uaktuelt. Eg tippar at opplysninga om at eg kyssa Ole Andreas på fredag neppe vil gjera henne noko særleg meir happy. Så mumlar eg noko om at viss Ole Andeas er forelska i henne, skal det sikkert meir til for å skremma han enn ei skrullete venninne. 
 - Trur du han er forelska?
 - Han er jo der du er heile tida.
Og der eg er, seier eg stilt inni meg. Eg er så dum, at eg ikkje kunne sjå at Christin var forelska i Fireheaden! Herregud, kunne det ikkje berre ha regna rettelakk over dei to siste dagane?

Berre for å gjera livet mitt enno meir perfekt kan mamma fortelja at Fredrik har ringt. Han har perm neste helg og vil gjerne koma på besøk. Mamma fortel med fuglekvitter i stemma at ho sa eg nok gjerne ville ha besøk. 
 - Det blir koseleg. Me har ikkje sett Fredrik sidan konfirmasjonen i vår.
 - Gløym det. Du kan drita i at han kjem på besøk heim til oss. Viss han absolutt skal koma, får det bli her på Vika.
Sjølv om eg ofte mistenker henne for det, er ikkje mamma heilt dum. Ho gir meg telefonnummeret til Fredrik sånn at eg kan ringa han og seia at han heller skal besøka meg på Vika.
 - Går det bra med deg elles, då, vennen?
 - Nei.
Eg svelgjer og knip augo igjen. Kan ikkje stå og grina i telefonkiosken på kulturhuset.
 - Er ikkje alt bra mellom deg og Fredrik?
 - Drit i det, då vel.
Mamma blir stille i andre enden. Eg gratulerer meg sjølv med å ha føkka opp forholdet til mamma endå meir og bestemmer meg for å ringa Fredrik i same slengen. Er eg heldig, kan han ikkje koma til telefonen sånn at eg kan gi ein beskjed i staden for å prata. Eg føler ikkje at eg er noko god til å prata nett no. Er ikkje nett nokon replikktrollmann i dag. 

 

Eg er svikta. Christin berre reiste seg og lét meg vera igjen. Eg føler meg så inn i helvete åleine. Snart kjem bussen. Den kvite ekspressbussen med Fredrik på perm. Eg kjem til å føla meg åleine heile helga. Det er berre sånt eg veit. Eg kjenner motviljen bygga seg opp for kvart minutt han kjem nærmare. Snille gode Fredrik, han kjem til å få ei heilt jævlig helg, han òg. Eg sitt samansøkt i busskuret, frys og har hendene gøymt i ermane på jakka. Snart kjem han, og eg klarar ikkje å ta blikket bort frå svingen bussen fyrst vil koma til syne i. Eg tel inni meg, viss han ikkje kjem før eg har talt til hundre blir det ei bra helg. 
Det kjem ikkje til å bli noka fin helg. Bussen smyg seg gjennom svingen før eg har kome til femti. Dørene opnar seg på syttini. Eg gidd ikkje reisa meg, sjølv om eg frys på baken. Fredrik er ein av dei første som kjem ut. Han er veldig flott i uniform, og eg kjenner meg nesten litt forelska. Eg tviheld på den kjensla mens eg klistrar kjærastsmil i ansiketet og reiser meg for å gå han i møte.
- Anette.
Fredrik slepper bagen sin og går mot meg. Så løfter han meg opp. Det er fint å bli løfta. Eg føler meg liten og blir innhylla i Fredrik-lukt, han luktar nett likt som før. Godt og trygt. Eg bestemmer meg for å prøva litt til. Sjølv om bussen kom før eg fekk talt til hundre, vil eg prøva likevel. Eg klemmer han tilbake før han set meg ned. Han held meg frå seg, ser på meg og siere namnet mitt ein gong til. Eg synest det er som om eg er med i ein film. Ser situasjonen utanfrå. det er eit dårleg teikn. Eg kjenner det søkk inni meg. Igjen er eg sikker på at det blir ei heilt jævlig helg. 

__________________________________________________________________

Frå Ingelin Røssland: Flyt. Samlaget 2002. Side 56-60.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
___________________________________________________________________