Englefjes

(Ungdomsroman, 2008, utdrag)

Med hendene rundt kaffikoppen stirer eg på ingressen. Dette er det eg har skrive:

Investor Georg Thomsen har stødig grep om roret på pengeskuta denne sommaren. Nyopning av gamle Godøysund Fjordhotell, no Spa- og Konferansesenter og nyoppussa sommarparadis i Gåsevik, er det siste pengane hans har gjort mulig. -  Eg har store forventningar til årlig omsetning for hotellet, og det kjennes godt å gjera noko viktig for tysnessamfunnet, seier Thomsen.

Dette er det eg har lyst til å skrive:

Investor Georg Thomsen veltar seg i pengar og tvilsam hytteidyll. Naustet bak han er ulovleg oppsett i ei strengt regulert strandsone like ved eit sårbart naturområde ig fuglereservat. Det er mistanke om at også andre hyttebaronar har teke seg ulovleg til rette i området.

Det er ikkje berre ein mistanke, det er fan fakta. Men sjølv med papira frå teknisk etat og bilde av hyttenausta er det ikkje nok til å få trykt saka i denne møkkaavisa. Helvetes feige kukredaktør. Telefonen ringer. Det er Irene som vil ha meg med på grilling. Eg seier at eg ikkje kan fordi eg må gjera ferdig ei sak.
 - Skjerp deg, Engel, seier Irene. - Klokka er halv fem. Ikkje gidd å jobba overtid for denne Mikke Mus-avisa. Kul han, for fan!
 - Ok, men eg må eta middag heime. Køyrer inn seinare, er de ved Korsasjøen?
 - Jepp, men sett frå deg mopedenså kan du ta nokre øl, seier Irene. Ho har eineldre bror, joppe, som er ei sikker ølkjelde.
 - Å fan, eg blei stoppa av snuten i dag, seier eg.
Så fortel eg korleis eg kom trillande med hjelmen på styret då eg blei stoppa utanfor redaksjonen.
 - Du køddar? seier Irene.
 - Nop, eg måtte visa vognkort og spurta opp i redaksjonen etter førarkortet, for eg hadde ikkje med lommeboka, det var jækla pinlig. Og det verste er at eg må intervjua han i morgon om korleis det er å ha sommarjobb ved lennsmannskontoret.
 - Ja, ja, ja, Engel, kan me ta det seinare? Eg passar Anna, og no har ho gått til angrep på sminka mi. Ser deg i kveld, søta.
Eg høyrer korleis Irene småleande kjeftar på søster si. Det ville vore fint å ha søsken, sjølv om det er ganske mykje trøbbel med Anna. Eg legg på og vender blikket mot skjermen igjen. Det er framleis berre ingressen som er ferdig. Og det skal bli to heile avissider. Ei med det kjekke intervjuet og ei med skrytebilda frå hotellet. Det var sånn dagen min begynte, diltande etter Tomtegorgen med kamera mens han synte fram paradishotellet sitt. Eg koplar kameraet til pc-en og lastar inn bilda. Eg må innrømme at det har blitt flott, har bilde av korleis det såg ut før det blei pussa opp. Alt litt på halv åtte etter den siste kjeltringen som prøvde å skapa ei gullgruve der ute. Eg klikkar meg gjennom bilda. det er eit bra frå spa-avdelinga med Tomtegorgen i boblebadet som ein stor hårball i alt skummet. Det beste er der han har blåst opp brystkassen og samtidig prøver å sjå utrulig avslappa ut. Etter å ha sett han nedi det badekaret er det i alle fall ingen andre som vil oppi der. Eg får svelgja kamelane mothårs og gjera saka ferdig seinare. Det er for seint på dagen til å redda verda no. Eg koplar frå kameraet og slår på pc-en, skiftar til halvtelelinsa før eg dyttar det ned i sekken. I det eg slår av lyset, får eg ei tekstmelding frå mormor, som lurer på kor eg blir av, svarer kjapt at eg er like rundt hjørnet.

Oppe i Uggdalsdalen et hjorten kveldsmat saman med nokre små ponniar, vel vitande om at det enno er lenge til haustjakta. Eg sakkar på, lét motoren gå på tomgang og får stille fiska fram kameraet. Hjorten løftar hovudet og poserer med det sjuvtakka geviret og ei overlegen mine. Den vesle ponnien ved sida av han er meir oppteken av gras enn av å ta seg godt ut. Då eg prøver å gå av mopeden for å få eit endå betre bilde, snur bukken så brått at både eg og ponnien hoppar himmelhøgt. Eg får redda mopeden før den deisar i asfalten.
 - Jævla dritdyr!
Alle tre ponniane ser opp på meg, den eine gaper så graset fell ut av munnen.
 - Sorry, seier eg og sett meg til rette i salen og vrir på gassen. Mormor kjem til å forstå når ho ser det flotte hjortebildet. 

_____________________________________________________________________

Frå Oskar Ingelin Røssland: Englefjes. Samlaget 2008. Side 26-29.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

______________________________________________________________________