Tonje Glimmerdal

(Barne- og ungdomsbok, 2009, utdrag)

 

Der Tonje legg ut på snusekspedisjon og hamnar i ein ekte slåsskamp

Då pappa og Tonje er ferdige med laurdagsvasken dagen etter, spring ho over til Gunnvald for å sjå kor¬leis det går med kjelkane. Men Gunnvald held ikkje på med kjelkane. Han sit på kjøkkenet med fela i hendene og gjer ingenting.

- Sit du her? spør Tonje og trakkar ut av vinterskoa sine.

- Hm, seier Gunnvald.

Og så ser Tonje noko rart ut vindauget. Det går spor i snøen opp til det vesle lysthuset i skogkanten.

- Har du vore i lysthuset? Kva har du gjort der?

Det var bestefar til Gunnvald som bygde lysthuset for over 100 år sidan. Han var så bort i staur og vegger forelska i ei som heitte Madelene Katrine Benedicte. Madelene Katrine Benedicte hadde blå silkekjole og femtito friarar, har Gunnvald fortalt. Bestefar til Gunn¬vald var den femtitredje, men i staden for å gi henne

roser og slikt rask så bygde han eit skikkeleg lysthus til henne.

- Det må vere tidenes sjekketriks, sa tante Eir ein gong.

- Tenk om Peter hadde lært litt av han der bestefaren til Gunnvald og hamra opp eit lysthus til deg, Idun. Hæ?

Madelene Katrine Benedicte hadde aldri sett noko så fint som det vesle, kvite huset utan vegger. Og aldri hadde ho møtt ein flottare kar enn bestefar til Gunnvald, syntest ho. Slik gjekk det til at Gunnvald fekk den penas¬te farmora i verda og eit lysthus oppe i skogkanten.

Om sommaren er det fint å sitte i lysthuset og spele kort og drikke saft medan ein tenkjer på bestefar til Gunnvald og den pene Madelene Katrine Benedicte. Det gjer Gunnvald og Tonje ofte. Men no er det vinter. Kva i all verda har Gunnvald gjort der oppe?

- Du veit det brevet i går, seier Gunnvald til slutt, etter at Tonje har masa både vel og lenge.

- Kva med det? spør Tonje.

Gunnvald stønner irritert.

- Det var eit brev om at nokon eg kjende før i tida, har døydd.

Tonje tek ein av dei heimebaka vaniljekjeksa frå skåla på bordet. Det er ikkje råd å sjå på Gunnvald at han er i slekt med ei pen farmor. Augnebryna hans ser ut som to utslitne tannbørstar.

- Kven er det som er død, då? spør ho.

- Ingen spesiell, seier Gunnvald.

- Ingen spesiell?

- Nei. Ingen spesiell.

Gunnvald legg fela på bordet og dreg opp snusdåsen sin. Den er tom.

- Dengande drit! ropar han sint og kastar dåsen bortover golvet så Gunda fyk forskremd opp i kjøkkenvasken.

Tonje veit inderleg vel at Gunnvald ikkje er noko tess før han får snus. Og no er butikken stengd. Slik går det når ein sit og funderer og ikkje planlegg.

- Eg tek sparken og stikk ned til Nils og låner ein snusdåse til deg, seier Tonje. - Du er no ikkje til å vere i hus med likevel.

Tonje finn sparken, kastar seg utfor bakken og susar snart forbi Hagen Helsecamping.

 

Gunnvald, han treng snus, han, ja

og får han snus så blir han gla

ralla-jalla-halla-ja

men viss han er sur som, ei bikkje

då får han det faktisk ikkje.

Då sender eg snusen til Afrika

ralla-jalla-halla-ja.

 

Ho ser ut som ein snømann då ho endeleg kjem ned i bygda og parkerer utanfor trygdebustadane. Nils, det er bestefar til Peter. Av og til har han noko som Peter kallar «raptus». Då drikk Nils for mykje øl. Raptusane til Nils kan vare berre eit par dagar, eller dei kan vare i fleire veker. Og sjølv om Nils seier mykje rart og moro-samt når han har raptus, så synest verken Peter eller Anna, bestemor til Peter, eller nokon andre i Peter sin familie at det er noko kjekt. Tonje lurer på om Nils har raptus eller ikkje i dag. Men mest lurer ho på om han har snus.

Det har han. Han har både raptus og snus.

- Anna, Tonje vil ha shnus! ropar Nils, og så stavrar han seg inn i leilegheita.

Tonje vert ståande i gangen og vente, og medan ho står slik, høyrer ho at dei to gamle har ein rar samtale.

- Gunnvald treng nok litt snus i dag, ja, seier Anna.

- Det sto i ei av Oslo-avisene at Anna Zimmermann er død.

- Er Anna Zimmermann død? ropar Nils. - Det hespetreet, legg han til.

- Nei, fy deg, Nils! seier bestemor-Anna. - Slikt får du ikkje seie.

- Om Anna Zimmermann seier eg det eg vil. Ho var eit hespetre, mumlar Nils.

Så kjem han skjenande ut i gangen med snusen.

- Kven er Anna Zimmermann? spør Tonje.

- Eit hespetre, seier Nils og klør seg under nasen. - Sei til Gunnvald at han kan få denne dåsen av meg. Han treng den nok.

Tonje er tankefull då ho skubbar sparken framover dalen igjen. Anna Zimmermann? Kva er det for eit hespetre? Tonje har aldri høyrt om noka Anna Zim¬mermann i heile sitt liv. Er det henne Gunnvald har sete i lysthuset og tenkt på? Tonje er så langt inne i sine eigne funderingar at ho passerer Hagen Helsecamping utan å gaule ei einaste snus-strofe. Det er fyrst då ho kjem opp til eventyrskogen at ho ser noko som nesten får auga til å trille ut av hovudet på henne:

Det kjem to barn gåande på vegen.

Tonje vert så forfjamsa at ho gaper. Det er to gutar! Den eine har militærbukse og tørkle kring hovudet.

Han hoppar rundt og sparkar isklumpar. Den andre har heilt vanlege klede og går stille og rolig ute i eine kanten. Kan det verkeleg vere sant? Er dei på vinter¬ferie i Glimmerdalen?

Dei to gutane får auge på henne og sakkar farten. Snart står dei ansikt til ansikt midt i den snødekte dalen. Tonje skal akkurat til å smile, då guten med tørkleet opnar munnen.

- Du køddar ikkje med broren min.

Tonje hevar augnebryna.

- Viss du så mykje som rører broren min, så denger eg deg til kjøtdeig og steiker deg med saus, seier den vesle spirrevippen og ser trugande på henne.

Han andre guten, han som ein ikkje skal røre, står og ser brydd til sides. Tonje kan ikkje dy seg. Ho set demonstrativt frå seg sparken, går forbi spirrevippen og stikk peikefingeren inn i skuldra på han i brøyte- kanten.

- Du rørte broren min! gaular spirrevippen.

Tonje smiler sitt breiaste smil. Meir får ho ikkje gjort før den vesle galningen kastar seg over henne som ei gaupe.

Han angrip henne! I hennar eigen dal! Å du svartaste svartevatn, kor rasande ho vert.

- Aaaaaa! brøler ho.

Dei tumlar rundt på den islagde vegen så brøyte- stikkene skjelv. Spirrevippen knip og bendar og slår og luggar, og Tonje gjer akkurat det same attende. Minst like hardt.

Men plutseleg berre sluttar guten med tørkleet å slåss.

- Bror! ropar han.

Broren har gått. Sjølv Tonje vert imponert over at det går an å vere så lite interessert i ein ekte slåsskamp. Spirrevippen legg på sprang medan han gaular «Bror, vent! Brooor» så det gjallar i glimmerdalsfjella.

Sakte og skjelvande kostar Tonje av seg snø. Det verker i handa og dunkar i hovudet. Kva var det som skjedde, eigentleg? Så oppdagar ho noko som gjer henne heilt forferda. Guten har teke snusboksen.

Tonje får sparken opp i ein svimlande fart og når dei att ved Hagen Helsecamping. Der skrensar ho slik at ho vert ståande på tvers av vegen framfor dei. Ho har lært det av tante Eir. Det er lett å sjå at dei to gutane er brør, sjølv om den eine er mørk og den andre er lys. Dei har noko morosamt i auga begge to.

- Snusdåsen, seier Tonje.

Spirrevippen med det mørke, glatte håret held bok¬sen i eine handa og gjer ikkje mine til å gi den frå seg.

- Snusdåsen, takk, seier Tonje igjen.

Ho skulle berre visst kor trugande ho ser ut der ho står, Glimmerdalens keisarinne.

- Gi henne snusen, Ole.

Guten som ho ikkje skulle røre, kan visst prate, han også. Han vender seg til Tonje og ser unnskyldande på henne.

- Han meiner det ikkje. Han berre ...

-Jau, eg meiner det! ropar den minste guten og kas¬tar snusdåsen så langt han orkar. Den landar på vegen litt lenger oppe.

- Forresten så slåss du som ei jente, freser han og spring inn på campingplassen med illsinte steg.

- Eg er ei jente! gaular Tonje rasande etter han.

Det står framleis ein att. Han som ho rørte. Han ser snill ut, med det lyse håret og dei sjenerte auga. Tonje ønskjer av heile sitt hjarte at han skal seie noko til henne. Noko fint. Ho står til og med her og blør naseblod så det vert raude rundingar i snøen. Men guten seier ikkje noko. Han ser ned, og så snur han seg og går etter snustjuven.

Tonje vert ståande att utanfor porten.

- Idiotar!

Ropet hennar får Klaus Hagen til å rive til side ei gardin og gi henne eit blikk som ville fått det til å gå kaldt nedover dei fleste. Men Tonje ser berre på hytteveggen som dei to brørne forsvann bak.

- Idiotar, kviskrar ho og snur sparken sin.

 __________________________________________________________________

Frå Maria Parr: Tonje Glimmerdal. Samlaget 2009. Side 49-57.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

 ___________________________________________________________________