Skarpe tenner

(Barnebok, 2005, utdrag)

Diamantane dine
 
Be mor gape opp.
    Tel så tennene hennar!
    Ja, eller far sine. Du kan også be han, det går for det same, kvinner og menn har same tannsett: like mange, like store.
    32 tenner har mor di, om ho framleis har alle. Har ho dét, kan ho lett tyggje. Ho kan male sund maten og blande han med spytt så han blir god å svelgje.
    Frå munnen glir maten ned gjennom matrøyret og vidare til magen. Der, og i tarmane, blir han knadd slik at næringsstoff kan gå over i kroppen. Det er ein livsviktig prosess - og det er tennene som startar den.
 
Så lenge vi er spedbarn og syg mjølk, treng vi ikkje tenner. Berre nokre få av oss har synlege tenner når vi kjem til verda.
    Men allehartenner. Dei ligg ferdige, godt gøymde nede i gommane. Sjølv eit foster i mors mage har tenner. Mor og far hugsar nok når du fekk dine.
 
Når tennene bryt fram, gjer det vondt. Mange barn græt fordi det svir og klør. Dei vil bite på alt dei ser og slevar fælt. Da er det fint å vite at når tennene først kjem, så er dei klare til bruk. 
    Og dei kjem alltid i rett rekkjefølgje! Dei litt spisse tennene kjem fremst i munnen. Mens dei som er flate og gode til å tyggje med, kjem lenger bak. Lurt, ikkje sant?
 
På kvar sin plass og med passeleg avstand blir tennene ein fin boge inne i munnen. Nyttig og vakker. Heilt av seg sjølv kjem tennene opp slik. Verken du eller foreldra dine treng å tenkje på dei.  
    Mjølketenner kallar vi dei første tenne våre. Dei er 20 i alt og varer til vi kjem i tenåra, då får vi nye.
    Deivarigetennene kjem opp i dei same opningane som mjølketennene stod i.Nett som mjølketennene har dei lege klare nede i kjeven. Og på same vis kjem dei opp på sin rette plass til ei viss tid. Berre dei tennene som kjem opp lengst bak i munnen, har ikkje hatt mjølketenner over seg. Dei må streve seg fram sjølve og kjem derfor sist.Visdomsjekslarblir dei kalla fordi dei ikkje kjem fram før vi er vaksne.
 
____________________________________________________________________________________________
 
Frå Erna Osland: Skarpe tenner. Det Norske Samlaget 2005. Side 6-7.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_____________________________________________________________________________________________