Nær nok

(Noveller, 2004, utdrag)

Snø
 
 
Julenatta begynner det å snø. Det laver ned. Det blir lyst, det blir stilt, mjukt liksom, og det blir ikkje lettare å sleppe faren. Signhild sit heile tida og ønskjer at han ikkje skal gå.
    Faren - han skjønner det, så han blir sitjande. Mens snøen dalar, og han seier noko om sommaren, om kor fint det skal bli når ho og han - berre dei to — skal i fjellet og gå. Ja, og fiske. Fiskestenger må dei ha med. Teltet er vel tett?
    Dei snakkar om sommaren, og snøen fell, tettare, stillare. Det er lenge til sommaren, det er lenge til ho kan bli med faren til fjells — i teltet somkanskjeer tett. Til dess skal dei vere levar for seg.Hohos mora.Hani eit fremmendt land. Ja, han skulle alt ha vore på veg, men han utset det, sit med Signhild og ser på snøen.
    Når det sluttar å snø, tenkjer ho, da reiser han seg.
Det sluttar ikkje. Det snør. Det snør. Det er berre timar til julemorgonen, det vil ikkje gi seg, og faren reiser seg ikkje.
    - Til sommaren, seier han, — til sommaren blir det du og eg. I fjellet, det blir fint, trur du ikkje?

    Ho nikkar. Jo, det blir fint, når det blir sommar. Men før dét, alle månadene fram til sommaren, blir det ikkje fint. Nei, ho gler segikkje.Men ho seier ikkje det, det er ikkje nødvendig, faren skjønner det. Han skjønner det og sit.

    Måtte det aldri slutte å snø!
    Dei stirer inn i snøkaven, som ikkje er så tett no lenger. Snart sluttar det, tenkjer Signhild, snart sluttar det, og da går han.
 
Ho og far, og snøen, og radioens englemusikk. Og bilane ute på parkeringsplassen, så runde og reine.

    - Nei, no, seier faren og reiser seg. Han gjer det fort, som om han tvingar seg til det. - No får du ha god jul, Signhild.

Med lange steg styrer han mot gangen, mot den nye familien sin. Signhild skundar seg etter, og faren ser forundra på henne.

    - Eg følgjer deg til bilen, eg.

Dei går. Faren fremst, ho tett etter. Tenk om han aldri kjem att! Tenk om han gløymer henne for dei nye små! Eg skulle aldri ha sleppt han, tenkjer ho og stansar.

    Og straks stansar også han, snur seg og ser på henne. Ei heil stund ser dei på kvarandre. Skal det slutte å snø?

    - Om det ikkje er tett, teltet, seier han, — så kjøper vi eit nytt.

 

Dei skubbar snø av frontruta. Faren på førarsida, ho på den andre — utan hanskar, ho og. Fingrane til faren er varme, kjenner ho. Faren er alltid varm på hendene, han.

    - Til sommaren, seier faren og opnar døra, utan å setje seg inn.

Han tek ikkje rundt henne, og ho er glad for det. For hadde han gjort det, hadde også ho teke tak i han, og ho hadde ikkje sleppt! Dei veit det begge og står og tenkjer på det.

    - Skund deg inn att i stova no.

 

Det snøar ikkje lenger når Signhild somlar seg tilbake.
    Søv mor, tru? Ho hadde lagt seg før far sa farvel. Ho hadde lagt seg lenge før ho bruker. For ikkje å vere i vegen. For ikkje å forstyrre dei to som hadde så mykje å tenkje på. Far som ikkje får Signhild med til det nye
landet. Og Signhild som sjølv har valt åikkjevere med, enda ho ville det nok, om ho fekk mor med.
    Men det kan ikkje mor, mor vil ikkje med - ikkje på telttur, og ikkje til det nye landet. Det landet er berre for far. Og for Signhild, kanskje? Seinare?
    Ho veit ikkje. Ho veit ikkje kva som skal skje der ho prøver å gå tilbake i spora, enno synlege ei stund.
 
Ho setsineføter i hans spor, ho langar ut. Og derfor kjem ho heilt opp til vindauget før ho oppdagar henne som står inne i stova.
    Mor i berre nattkjolen i skinet frå juletrelysa! Heilt usynleg, trur ho sikkert sjølv. Men Signhild ser henne bak lekkjer og korger. Lekkjene — som far og Signhild har laga for lenge sidan. Korgene - som mor og ho har fylt med sjokoladar, stjernepeparmynter og skrukkete korintar, søtare enn marsipan.
    Signhild smyg seg til sides, står i mørkret og ser på henne som står der og ventar. Mor ventar og passar på, så Signhild sjølv kan ta den tid ho treng til å tenkje på alt som skal skje.
    Til sommaren, tenkjer Signhild og slepper seg ned i det kalde, mjuke. Alt er så kvitt! Alt er så nytt og stilt under himmelen som sprekk opp i stjerner - små, tindrande soler.
 
____________________________________________________________________________________________
 
Frå Erna Osland: Nær nok. Det Norske Samlaget 2004. Side 59-63.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_____________________________________________________________________________________________