Eit minne

(Dikt, 1894)

Av Sigbjørn Obstfelder
 
 
Å kan du hugsa der va ei jenta
som sat og drygde då guten venta.
Eg ser han fyr meg som va de no,
med gråt i hjarta me munnen lo.
 
 
Han sto og svengde med plagge kvite,
han trudd' so vist at ho sko de vite,
han trudd' so vist at ho sko de sjå
at hjarta blødde av hugens trå.
 
 
Ho sat og spøta der invid glase,
ho totts ke sjå han den stakkars tasen,
eg ser det fyr meg det kvite liv,
og stakken blå meg fyr augo sviv.
 
 
Tilsaman såg dei kor lyngen bloma,
kor ferger flamma, når ljose ljoma,
kor ferger gråta, når skuggen kem
og døiya burt i ein kvitblå em.
 
 
Ho totts ke skyna at guten lagde
si sjæl i kvart ord på fjell han sagde,
ho let han gå ut i nott og frost,
sjølv sat ho kyrr invid seterkost.
 
 
- Den ti er yve då lyngen bloma,
og ferger flauma og ljose ljoma,
då va de sumar i berg og li,
no e de stormens og myrkrets ti
 
 
Den ti e yve då guten lagde
si sjæl i alt han åt jenta sagde,
då va de sumar i berg og li,
no e de stormens og myrkrets ti.
 
 
(«Denna viso e skrivi på Julafton 1894 på notti.»)
 
 

Frå Sigbjørn Obstfelder: Dikt og prosa: Gyldendal 1996. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad