Ei nott millom troll

(Forteljing, 1887)

Av Sigbjørn Obstfelder

Hev De voret i Egersund, hr. red., i den byen, kor alt søv både dag og nott no, sidan vektarane hev begevet gala. Elles for det er det 'kie umogelegt at dei gal i svevne, dei. - Eg hev voret der, eg, hr. red., og eg sov ikkje - eg hev voret i Egersund - det var endå notti til 26de juni det Herrans år 1887 - ein gløymer 'kje slikt - ein sett helder ett stort, svart merkje i almanakki, fald ein hev sovori. Eg hev no ikkje, eg, og det av princip, som dei segjer, av princip, avdi, at eg hater tidi - hater denne tidi, som fører so mongje fårlege "strøymninger" in i vårt stakkars, uskuldege fedraland. Eg vil 'kje hava almanakk, ja, eg held endåtil føre, at det vore synd, om eg hadde. Det var nokk helst ikkje almanakkstell, eg skulde masa um, men - Eg vonar, hr. red., at De er frisinnad og gjev meg 1øve til dansa ein mole ut frå teksti av og til. Leraren min i "Norsk" sagde alle tider, at me, nær me skreiv "norsk stil" skulde hava ein "indledning", som var 1/8 so long som heile preika - difyre vil eg gjarna vera mi børnelerdom tru, ein stend seg best på det.

Jaja, det lyt no vera so det. Men "ydermere", so veit me det, at sume folk fær sova um notti, andre fær ikkje sova. Der er so mongje slags troll, som kan treffast til plaga ein. Der er store troll og der er små trol1. Der er likamlege og der er åndelege. Dei store kan deilas in i patteborn og kattar, dei småe kan vera anten loppur elder item andre insektar.

Eg gløymer aldrig den notti; det var notti til sundag - 26de juni 1887, det Herrans år. Eg lagde meg, tok av meg kledi - fyst trøia, so vesten, den brune - so broki - og so lagde eg meg. Underbroki hadde eg på for "blufærdigheds" skuld. Tankar sveiv meg i hugjen, eg tenkte på mit "fjerne fødeland", som er Stavanger og på alle dei fagre jenturne der. Dei er fagre, hr. red., men dei er trulause - trulause! Då det leid frampå, vart eg trøytt av å tenkja og vilde so gjera det, som folk plagar ut på notti, sova, mejnar eg. Gjorde då det, som folkaskikken er i slikt tilfelde: lagde meg på andre sida. Nej takk. Og no ska De høyra. Bedst som det var, som eit uventad toreslag høyrde eg det dansad fram kring meg med ljod og låt og lott og song og slag og spektakel og hamring. Gud bedre meg kor eg vart forbinad. Kor kom det frå? Kor i al - - i al - svartaste - verdi kom det frå? Det var kje som det pikkad, det var kje som det hamrad, det var frå damphammaren til storsleggja til den mindste trepikkaren. Å gud hjelpe meg - det var dampbåten og lokomotiven - , for fram, pif, puf, paf, pyf, pif - nejmind var det ei, det var eit fabrik, eit svart, svart fabrik med tusund hamrar, dup, dik, dap, dik, dyp, dik.

Guten vart bleik, kan De tenkje, truløysa var vond, men trollskap og fandens mirakels var verre. Han rejste seg på sit smertans lega. Såg seg um med rullande augo.

Då vart han det var.

Då vart han var det forferdelege faktum, at hans smertans lega var standande i ei urmakarbod.

Kva skulde han gjera, hr. red.? Kva vilde De ha' gjort? Tekjet sengi på ryggjen og flyktad longt, longt derfrå? Standet upp og som ein rasande slegjet isund kvart troll, både dei store og dei små, både dei grove og deei fine, dei åndelege og dei likamlege, dei som stod og dei som gjekk, både klokkur og ur, veggur og skipsur og lomeur? Å ja - eg vilde det nokk - å ja - eg vilde deet alt, men ak, mi kraft var burte, eg låg som lamd. Der var trollskap i det, der var. Eg rasad, eg knyttad neve, eg bannad, bannad kaldlegt. Det hjalp ikkje. Ejt fælt bil var det - hausen min bankad, inni meg gjekk det som ein orkan. Det var sinnet. Men etterkvart som kraften tømdes, so rann og sinnet av meg. Eg vart roleg, veik, innerleg motlause. Kunde eg få gråta, tru? En om eg kunde? Nej, smerta var for stor.

So tok eg den faste beslutningi å vera modig, å kjempa som ein mann mot dei vonde makter. Fyrst var det no deet, at når folk legg seg til å sova, må dei ikkje tenkja lengje på ein og same ting elder materie - so skulde då eg freista å tenkja på eit halvt- hundrad. - Hjalp ikkje. So tenkte eg det, at det motsatte kunde fulla vel vera tilfelle; tenkte då eit stutt korter på truløysa. Hjalp ikkje. - Men no treffer det seg jussom so, hr. red., at eg er filosofar og ein djup tenkar; difyre veit eg, at fyr å verta herre yver trollskapen er det naudturvelegt å koma djupt in i hans verande og heile lagnad. Difyre tok eg ut ein og ein av klokkurne og prøvad høyra berre på henne, korleids ho pikkad og halad seg fram. Det var eit svårt arbeid, for straks kom der ei onnor og vilde kasta seg in i hennar lagnad. Det såg helst ut for, at ein kunde ikkje få vera åleine i detta livet.

Og eg låg der og fælad; kringum meg på alle veg gjer hang dei svarta troll og spottad, hædad mine kjenslur; aldrig hev eg vorte hånad so. Kalde og myrke vore dei, gråt elder bøn ansad dei ikkje - litet gådde dei, um ei vesal menneskja leid uhorvelege mødor. Dei berre skundad seg å koma avstad i si ævelege arbejding og pikking - den eine verre end den andre, hjartats fine strøymar hadde dei kje sans fyre.

Då eg hadde legjet ei stund, utarmad og utmattad, halvdaud, tok eg meg saman, rejste meg up i sengi; for no var eg komet på nokot nytt, svartaboki og latinen. Kva i al verdi skulde eg bruka mi kunnskap til, når det ikkje var i eit slikt bil. Eg reiste meg up, vild såg eg ut, håret mitt var som elektriserad, med darrande mål, som eg sjølv vart rædd, ropte eg: "Qvousque tandem abutere, Catilina, patientia nos tra?" Det var resten av lærdomen min, eg uttalte det tungt med trykk på kvar bokstav, uttalte ti hardt etter den nye måten (han var iminsto ny i mi tid) og ablativen med longt a. - Med det same for der eit litet skratt igjønom romet og so tok det til duna: Cat, pat, Cat, pat, Cat, pat ei heile rid utyver, till eg endeleg vart rasqnde og stod upp, for hjalp ikkje latinen, so skulde me freista med græsken, med knyttad og upprakt neve ropte eg, so det song: "Apage Satanas!" So datt eg ned og låg i ørska resten av notti. Men kring meg sveiv det og flaug heile tidi: Ap ag, ap ag, ap ag! At an, At an, at an!

Um morgonen såg eg meg i spegelglaset og eg skynad meir og meir, at det var faktisk, livande trollskap. 7 år eldre såg eg ut, og på hovudet var der sume hår, som var heilt kvite. Eg flyktad frå byen, so snyggt eg berre kunde; knapt eg åt.

Men eg forstod ogso no, og hadde fengjet ein lærdom, at den fine elder kultiverte trollskapen er verre og fårlegare en den gamle og grove. Eg forstod, kor det vilde bera av med alle desse nye europæiske strøymarne, når jamvel dei gamle, agefulle ordi: Apage Satanas! vart hånad. Det var soleids det bar til, at eg lagde klokka mi etter i Egersund - for eg totte no, at ikkje berre almanakki, men klokka au var av det vonde. Når so folk spurde meg uppyver, um ikkje den karen, som var på langferd, hadde klokka, so svarad eg med ein viss prestadom i mælet: Nej, jeg har lagt den efter i Egersund!


Manuskript datert 26-6 (1887?). Her henta frå Sigbjørn Obstfelder. Samlede skrifter. Oslo: Gyldendal 1950. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad