Hilde Myklebust

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust, forfattar og bonde. Både i dikt og romanar skriv ho vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, for vaksne og for born.

Hilde Myklebust er fødd 23. mars 1979 i Vanylven, Møre og Romsdal. Ho har mellomfag i litteraturvitskap og teatervitskap (2002) frå Universitetet i Bergen og gjekk på Skrivekunstakademiet i Bergen i 2003–04.

Frå 2002 til 2003 var Myklebust journalist i avisa Synste Møre. Etter året på Skrivekunstakademiet tok ho over familien sitt småbruk i Syltedalen i Vanylven kommune (2004). Sidan 2010 har ho òg vore bibliotekleiar i Vanylven kommune.

Myklebust debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare (2005), som inneheld forteljande dikt om familie og arv, jord og natur. Gjennom kvardagslege observasjonar og lågmælte refleksjonar speglar Myklebust slike store tema, og med oppfølgjaren Søkk (2008) stadfesta ho at ho er ein dugande lyrikar. Du skal dele namn med ein sjeldan fugl (2012) er ei samling med dikt av Myklebust og den danske forfattaren Katinka My Jones. I diktsamlinga Kvar ein fugl (2018) dreier dikta rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon. 

Glødepunkt (2011) er den første romanen hennar. Handlinga går føre seg i ei bygd på Sunnmøre i 1980-åra, og gjennom Guttorm, Margunn og dei andre romanpersonane teiknar Myklebust konfliktlinjer mellom jordbruk og industri. Myklebust har òg skrive bøker for born. Biletboka Jon og den lange julenatta, med illustrasjonar av Inger Lise Belsvik, kom i 2009, og i 2015 gav ho ut dikt for barn i Bjørkebokstavar, som er illustrert av Tone Lileng. Det er ei nostalgisk drivkraft i dei levande og naturnære barnedikta, og Myklebust når såleis ut til både vaksne og born.

Myklebust sat i Det litterære Råd i Den norske Forfattarforeining frå 2013 til 2015.

Under Ulvik poesifestival i 2004 fekk Myklebust lyrikkprisen saman med Ørjan Simonsen.

 

Frå Eivind Myklebust: "Hilde Myklebust", Allkunne.no, sist oppdatert 2.8.2018 [lesedato 16.8.2018]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.