Frå steinrulling til playstation

(Historie, 2004, utdrag)

Frå steinrulling til Playstation

Skulle vi ha noko moro i 50-åra, så måtte vi finne det på sjølve. Vi var tre stykke som heldt mykje i lag. Sigurd, som var bestekameraten min, Asbjørn, som var søskenbarnet mitt og eg. Like ved låg heimevernskulen på Torpomoen, og ofte var skogen full av grønkledde soldatar som sneik seg fram og skaut med raudfis. Dette var sjølvsagt midt i blinken for tre småkarar. Me sneik oss med i øvinga og plukka opp raudfis og andre ting som låg att. Av og til hende det at geværa klikka, og då fekk vi tak i ladd raudfis. Den var sjølvsagt gull verd. Dersom du la han på ein stein og sleppte ein annan tung stein ned på den, så small det som eit børseskot. Andre gonger skar vi raudfisen opp og tømde ut kruttet. Dette samla vi opp og tente på til stor moro. Det gjekk og an å tenne på hylsa av ein brukt raudfis. Den brann godt, og det tok til å dryppa smelta plastdråpar ned på bakken. I det dei brennande plastdråpane fall, laga dei ein karakteristisk og spennande lyd. Ei gong fann vi fleire øvingsgranatar av papp og røykbomber som var ueksploderte. Desse torde vi ikkje eksperimentera med. Vi hadde sett korleis dei virka i praksis når HV-karane brukte dei, og dette var kraftfulle saker. Vi samla saman det vi hadde funne, og gav alt saman til eit befal. Då heldt han ei skjennepreke som det lukta svovel av for soldatane, og vi stod der og kjende oss som heltar.

Borte i skogen låg det ei lita tjern. Utover summaren turka den meir eller mindre inn, men om våren var ho på det djupaste godt over meteren. Her hadde vi mykje moro. Vi hadde greidd å samla i saman eindel plank og bordbetar. Spiker fekk vi tak i frå ein stabel med gamle forskalingsbord, og nokre fine og rette, som me stakk til oss frå spikerpakka hans far. Så bygde vi oss flåte. Det var ikkje akkurat nokon luksusutgåve, til det hadde me litt for lite materialar, men det vart då ein platting på om lag ein kvadratmeter. Den bar berre ein av oss om gongen, og snaut nok det. Når me staka oss rundt på tjernet, stod vatnet som regel opp på leggen på bakre foten.

Om våren var tjernet ein populær yngleplass for frosk, og det gjorde at me hadde nok å drive med. Me dreiv telling og kartlegging av frosk og yngleplassar. I eit vaskefat ute på trappa laga vi ein liten forskningssatasjon med med egg, vassplanter og vatn. Kvar dag skifta vi vatn, og følgde med på utviklinga. Etter ei stund hadde vi fullt av små rompetroll som for hit og dit nede i fatet. Me prøvde å fora dei med havregryn, og det virka som dei godtok det. Dei vaks fort, og etter ei stund vart nok fatet for lite og vatnet for dårleg. Rompetrolla tok til å døy, og vi måtte slå ut heile greia bak låven. Kvart år tok vi oppatt eksperimentet med om lag same resultat.

Eit år fekk Sigurd ei fantastisk julegave. Det var eit plastgevær som kunne skyta piler med sugekopp på. Med geværet fylgde ein blink som kunne festast på veggen. I romjula samla vi oss heime hjå Sigurd til kappskyting. Etter tur smelde vi av fem skot mot skiva og noterte ned resultatet i kladdeboka. Dette dreiv vi på med ei god stund, men så kom det eit farleg glimt i auga til Sigurd. Med ladd gevær svinga han seg rundt og sikta seg inn på ei fin, raud kule på juletreet. Spjooing - pila for gjennom stova og råkte midt på kula så den gjekk i tusen knas. Det var mange kuler på treet. No vart freistinga for stor. Vi skaut og skaut. Mange piler bomma, men av og til eksploderte ei ny kule til stor jubel. Vi gav oss ikkje før treet var tomt for kuler, då stod mor til Sigurd i døra. Juleselskapet vart brått slutt, og Asbjørn og eg vart jaga heim. Kva som skjedde med Sigurd den kvelden sa han aldri noko om.

Mykje av dei leikene vi trong laga vi sjølve, og brukte ein god porsjon fantasi ved sida, men vi hadde og nokre få fabrikklaga leiker. Heile oppveksten hadde eg ein raud trekkoppbil av metall som eg hadde fått av onkel Per. Den var ganske stor, og hadde skikkelege gummidekk som du kunne skifta. Det var den finaste leika eg hadde, og den vart oppbevara i ei kiste ute i gangen. Av og til vart den teke fram og køyrde eit par rundar på kjøkkengolvet, men så vart den lagt attende i kista.

Far til Asbjørn, han onkel Jens, arbeidde i forsvaret, og i tillegg var han spelemann. Difor hende det at han hadde oppdrag i utlandet. Ein gong var han i Tyskland på oppdrag, og då han kom heimatt, hadde han kjøpt med gaver. Asbjørn fekk eit rutefly av metall som hadde magnetmotor og lamper som lyste ytterst på vengene når motoren gikk. Det var eit vidunder av ei leike, og eg var kollossalt misunneleg. Det hjelpte mykje at eg samstundes fekk ein kniv, der skaftet var laga av ein rådyrfot. Knivbladet var tunt og spinkelt, og det vart aldri nokon god kniv, men skaftet var fantastisk. Maken hadde ingen i heile Hallingdal, det var eg brennsikker på.

Kanskje var vi snille og fornuftige gutar mykje av tida, men eg hugsar best dei gongene vi ikkje var det. Ei gong var vi heime hjå meg, og mor dreiv med noko arbeid nede i kjellaren. Oppe på kjøkkenet hadde ho steilt istand eit stort fat med deig som skulle bli til potetlefser. Vi smakte på deigen, men den var ikkje spesielt god syntes vi. Idet Sigurd snudde seg og skulle til å gå ut døra, tok eg ein neve med deig og kasta etter han. Den small i veggen rett ved øyra hans. Dette måtte sjølvsagt hemnast. Han stupte mot deigfatet for å henta ammunisjon, og før vi visste av det, så var deigkrigen i full gang. Vi var snart fulle av deig, og det same var tak og vegger. Aldri såg eg mor mi meir sinna og lei seg enn då, og vi vart sjølvsagt jaga på dør. Mor mi hadde nok ingen tru på at vi kunne greie å rydde opp etter oss, og det hadde ho antageleg rett i. Vi rusla skamfulle opp i skogen.

Sigurd fekk brått ein god ide: "Vi reiser opp i Juven og rullar stein!" Det høyrdest ut som ein kjempegod ide, og vi skunda oss oppover stigen. Juven var ein nedlagd og brattlendt husmannsplass som låg eit stykke oppe i skogen. Det var ingen som såg oss der, så i Juven kunne vi drive på uforstyrra. Rundt på jordene låg det store steinrøyser som vitna om umenneskeleg slit for å få til ein liten åkerlapp. Vi kravla oss oppover til den største steinrøysa lengst oppe på jordet. Her tok vi til å leita etter høvelege steinar som var runde nok til å trilla. Det var om å gjera at dei fekk stor fart før dei råkte den neste steinrøysa nedanfor. Var farten stor nok, så fauk steinane til værs på røysa og held fram med si ville ferd nedover jordene. Var vi heldige, auka farten heile vegen og det heile toppa seg i eit kjempehopp på den siste røysa, før steinen for inn i skogen med dunder og brak, så vi berre såg korleis dei store trea skalv før det omsider vart stille langt nede i skogen.

Dette var skikkeleg morosamt. Vi jobba og sleit, og grov fram større og større steinar. Lufta var etterkvart fyllt av ei ram lukt av svidd gneis. Vi hadde akkurat greidd å velte utover ein kjempestein då vi med eitt fekk sjå noko blått som rørde på seg nede i skogkanten. Brått var det ikkje like morosamt, stakkaren nede i skogkanten var i livsfare! Heldigvis tok steinen ein retning noko til høgre og gjekk godt klar av den blåkledde. Då hauka det høgt og aggressivt nede frå skogkanten: "Ko i svarte æ're de drive med!" Det var han goffa som hadde kome på besøk. Han hadde sjølvsagt høyrt levenet av oss, og fann det nødvendig å få avslutta denne farlege leiken, men han valde ein dristig veg når han gjekk rett opp der steinane kom ned.

Så ein haust flytta Sigurd til Verne. Det vart utruleg stillt etter han. Vi skreiv nokre brev, men det var ei mager erstatning. Gleda var difor stor neste vår då Sigurd skulle koma på besøk til meg for å feira 17. mai. Han kom i tweed-dress på dagtoget 16. mai, og saman med Asbjørn reiste vi heim til meg. Eg viste fram den store samlinga mi av femøringar som eg hadde liggjande i eit lite skrin, og vi delte haugen i tre og kasta ei stund på stikka. Etter ei stund var vi leie, og Sigurd meinte vi måtte sjekka korleis det stod til borte i tjernet vi hadde leika så mykje i. I tjernet var det fullt av frosk, og flåten vår låg framleis vasstung i kanten.

 

Vi tok til å telja froskane. Etterkvart fekk vi såpass oversikt borte i tjernet at vi tok til å setja namn på dei. Det var særleg ein som vi rekna for å vera leiaren i flokken. Han var større enn dei andre, og heilt gul under buken. Vi døypte han for Paul Anka! Grunnen var sjølvsagt at den rette Paul Anka trona på platetoppen med låten I love you baby. Han var rett og slett sjefen i popverda, og frosken var sjef i tjernet. Det fall heilt naturleg. Kven som hadde ideen, hugsar eg ikkje, men vi fekk det for oss at vi skulle fanga froskene og samla dei i eit spann. Sigurd lånte gummistøvlane mine, og staka seg ut med flåten på vill jakt etter frosk. Snart hadde vi på plass den fyrste fangen i spannet. Innfanginga skvulpa vidare, og etter kort tid hadde vi fem froskar i fangenskap. Asbjørn, som hadde i oppgåve å passa på krigsfangane, tok til å klaga over at det vart for travelt å passa på dei viltre froskane, som heile tida gjorde forsøk på å koma seg ut av spannet. Etter eit kort krigsråd, kom vi fram til ei endeleg løysing. Sigurd tok den fyrste frosken i bakbeina og klaska han inn i ein furulegg. Vi to andre såg på med ei litt ekkel kjensle inni oss, men vi kunne liksom ikkje vera dårlegare enn han heller. Ei stund etterpå låg det fem froskelik på ein planke, rangert etter storleik. Vi streid ei stund med samvetet, men bestemte at vi kunne ikkje gje oss no, ikkje før Paul Anka var teken. Difor heldt vi fram med krigen, og ensa ikkje at vi var fulle av grønske og kliss våte til oppunder armane. Tweed-dressen til Sigurd var ikkje lenger egna som 17. mai antrekk.

Til slutt var det ikkje fleire froskar att i tjernet. Ti kadaver låg stive på plankestubben, og i blant dei Paul Anka. Vi vart ståande rådville og sjå på verket vårt. Ingen sa noko, og etter ei stund kasta Sigurd Paul Anka ut i tjernet att. Han vart ståande oppreist i vatnet med den gule buken rett mot oss og armane ut, plent som om han heldt ein gitar i hendene. Paul Anka, Paul Anka skrata vi, og den ekle kjensla var litt lettare å bæra. Med eitt kjende vi behov for å dela dette med andre. Folk måtte få vita om Paul Anka og den store froskekrigen. Vi la i veg og fekk samla i hop dei fleste av ungane i nabolaget. Dei kom, og stod storøygde ved kanten av tjernet. Vi prøvde å fortelja om Paul Anka og heile krigen, men det var ingen suksess. Æsj, så ekkelt, sa ei av jentene, vi går. Så stod vi der då, våte og tvilande, med eit minne som ingen av oss gløymer. Korleis ho mor greidde å få tweed-dressen til Sigurd presentabel til nasjonaldagen er den dag i dag ei gåte.

Framleis skjer det vel fantestrek i friluft i Hallingdal, men eg har inntrykk av at leikekrigen for ein stor del er flytta inn i PC, Playstation og X-boksar. Jula 2002 kjøpte eg Playstation og rallyspel med ratt og pedalar til yngste guten min. Eg måtte sjølvsagt koble det opp og testa litt før julekvelden kom. Resultatet vart at eg sat store deler av natta og grisekøyrde på stupbratte fjellvegar rundt Monaco. Sveitten rann og hendene verkte, men hadde vi hatt slikt leiketøy i oppveksten, så hadde nok mykje ugagn vore ugjort.

 

_________________________________________________________________________

Frå Arne Moslåtten: Hallingdøl - minne frå dalen. Samlaget 2004. Side 54-63.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_________________________________________________________________________