Dyrskuliv

(Stev,Moslåtten, 2004)

 

Dyrskuliv

Ja, fårr i ti'n om hausten når dei samla seg te dyrsku,
då jaddi gjikk det får seg, det vart nåkso harde brysju.
For sundagskledde småbønda dei voro fin i farte,
og vilde gjedne handle med'o Even B. med barte. 

I indrelumma klukka det i handel-smunings-dråpa,
og rundt'n stod eit publikum, dei kopte og dei måpa.
Han vifta med ei tegnebok so tjukk som testamentet,
og kjaften gjikk på hengsler, ja no auka tempramentet. 

Og kydn voro nyvaska og strigla upp med båsste,
og viku fyri hadde 'rei 're ekstra godt i kåsste.
No kjempa dei om gunsten hjå den frakkekledde fagstand,
og odelsguta sputta snus og dømde litt på avstand. 

Og dommarad'n sprada rundt og sikta og noterte.
Om lause bøgji, ryggliner og kryss dei diskuterte.
"So skakkhasa som denna æ, so bi're låg plassering!"
"Men sjå på mjålkebårud'n, der bi're høg notering!" 

Og storuksad'n briska seg med stokk og ring i nasa,
og baka pannebrasken vonde uksetanka rasa.
Nar bergji skulde fløtast va 're skubb og skrik og deljing,
og lufte dirra trugande tå uksebor og beljing.

Ved ukserekkja stod 're eit par framsløngju og flirde.
Dei kviska seg imyljo, og 'rei kopte og 'rei stirde.
For unde uksevomben svaga sjålve uksepeisen.
Den sette i gang fantasi'n og fekk dei raud i fleisen. 

Og uppunde ei hengjibjørk der høyrdest hardingfela.
Der va're sjålve Sataslåtten lingsa seg og spela.
Han klemde te med Skåren og Beinvegen og Basken
so'n kåte Tor tå Underberg slo fiskesprett i masken.

Men kjæringji hass Olaf ifrå Søre Preinsrudslåtta
va ikkji særleg intressert i Sataslåtten-låtta.
Ho vilde finne'n Olaf fyri'n drakk seg alt for subben,
det hadde'o sett seg fyri, og ho hadde tak på gubben.

Der såg ho han og'n Tostein der dei kommo ut or lu'n
med lure glett i augo, og med halmstrå baki fu'n.
Og kjæringji sprang ette so forkvifsa som ei høne:
"Nei, at'n no ska bi so full, det kan eg ikkji skjøne!"

Men kjæringji or Preinsrudslåttun tverrstana og tagna
då arvingen på Breie kom ifålgji me'n Ragna,
som no va kome uppatt i ein kjol med mange lèta,
ho hadde fått ein lausingsungji nedafor må veta!

So, plusseleg med eitt; det va som frasabrisk som tende;
no va're noko stort på gang, og det va no 're hende.
For neve åne på ei liten finntoppvoksen glenne,
der barsst det te med slagsmål, der tok blodet te å brenne.

Han Store-Sevat Sehl han va i drage med to kjempu
frå Gol som hadde reisst te sjøss og lært seg knep og tempu.
No lyfta'n lett den eine upp og krusste'n i den are.
Det trengdest meir enn to for å få moroe te vare.

Han vesle Embrik Tullegard han lo som sjålve sole,
han hadde trefft att gjeslekammeraten burtpå jorde.
Og låtten den hekk atti sea 'rei logo uppå rando,
for gjeslekammeraten kunna fise på kommando.

Men gullklumpen i Søbben, som va appåklatt på åtte
va grågrimut i andlete, og sur, ja som ei potte.
Og mor hass prøvde blikke på'n med både triks og luring
med briskjitreakskoft te trøyst og kamferdrops te smuning.

Ho tok seg sjål ein måle då ho Malla-nedpå-myre
kom leiande forbi ho stolt med fysste p rem i kjy re.
Ho Malla va so ljøs og mjå, men va tå småfolk runne,
du veit det va fortærande at slike hadde vunne. 

Ja dyrskudagar dei va fyllt med sorgji og med gledu,
og ein kom rein og edrug heim, ein an med rivne kledu. 
Og somme hadde taft ein slant, og somme hadde vunne, 
Og åne nea plassen hadde liggji der og runne. 

Om måndagen låg dyrskuplassen folketom og hustren.
Ei bremluve låg attegløymt på grasbakka so nustren.
Ei linerle sat hakka på ein liten lefsebete det va eit avskilsmåltid,
for no lei're imot vete.

 

 

_______________________________________________________________________

Frå Arne Moslåtten Hallingdøl - Minne frå dalen. Samlaget 2004. Side 119-122.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.

© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

 _______________________________________________________________________