Den redde

(Songtekst, Moslåtten/ Haugen, 2010)


No æ timen blå.

Sjå berre sjå.

Når dagen blør i havet,

som kjem natta på tå.

No vakne nattedyr,

skrømt og vampyr.

Vente på offerlam

som i vanvare stikk se fram.

 

Der mørket tetna som ein mur,

der liggji rovdyre på lur.

Dei merke seg den minste lyd.

Den redde sine hjarteslag,

er pensum for eit rovdyrfag.

Ta motet fram og gøym deg med.

 

Ja for no æ timen blå

Sjå berre sjå.

Når dagen blør i havet,

so kjeme natta på tå.

No vakne nattedyr,

skrømt og vampyr.

Vente på eit offerlam

som i vanvare stikk seg fram.

 

No tute ulvad`n i lag,

når natta tikka mot dag.

Dei leite den veike fram.

No blinka lampa kald og blå,

og farelaus veg kan ingen gå.

Den redde set so sterke spår.

Han stikke ruta der han går.

 

Ja for no æ timen blå

Sjå berre sjå.

Når dagen blør i havet,

so kjem natta på tå.

No vakne nattedyr,

skrømt og vampyr.

Vente på eit offerlam

som i vanvare stikk seg fram.

 

Den redde set so sterke spår

langs ruta der han går.