Ivar Mortensson-Egnund

Ivar Julius Mortensson (-Egnund frå 1918), bondeson frå Alvdal som vart avismann, forfattar, anarkist, bibelomsetjar, prest og gardbrukar. Han var svært interessert i religionshistorie og mytologi, og tidleg på 1900-talet sette han dei norrøne Edda-kveda om til nynorsk.

Ivar Mortensson-Egnund
Ivar Mortensson-Egnund

Mortensson var fødd 24. juli 1857 og døydde 16. februar 1934. Faren var ordførar i mange år og stortingsmann 1868–1885.

Då Mortensson tok teologisk embetseksamen i 1883, skal han ha vore den første som brukte landsmål ved den munnlege prøva. Han hjelpte Garborg med Fedraheimen frå starten og var bladstyrar frå 1883. Kristendomen var viktig for han, men han verdsette òg andre tradisjonar og var ofte kritisk til den etablerte kyrkja. I ein tiårsperiode frå slutten av 1880-åra forkynte han anarkistiske synsmåtar.
 
I 1909 vart Mortensson ordinert til prest, og han hadde stillingar både som stiftskapellan og som sokneprest fram til 1918. Deretter brukte han arbeidskrafta si på bibelomsetjing og andre litterære oppgåver.

 

Per Halse

 

Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.
 
Tekstar om Ivar Mortensson-Egnund
Olav Aukrust: Til Valundskalden (1931)