Eit minneblad [minneord om Jon Klæbo]

(Minnestykke, 1874)

 

Av Olav Lofthus

 

    Ein Mann, som baade Maalsaki og myket annat godt og sant i Livet ventade seg Hjelp av, er i Haust gjengen til Kvila. Denne Mannen heitte J o n  K l æ b o.

    Dei, som hava leset "Fraa By og Bygd", vil hugsa ein Dikt-Ring, kallad "Den Draumen min", som ein Gong stod her i Tidskrifti, lika eins "Til Jol, ei liti Tavla fraa Nordland" og "Ho Dun-Sesel", tvo Fortelnadar av Livet nord i Landet. Desse Stykki, som heve boret ymse Merke, ero skrivne av Jon Klæbo, umfram myket annat, som han heve skrivet paa andre Stader. Eit av dei største skrivne Arbeidi hans er "Nogle Ord til Minde om A. O. Vinje", som han skreiv aat "Bergens Tidende". Han var ein av deim, som kjende Vinje best, og han hadde teket seg paa at bera fram eit heilt stort Livsbilæte av den avlidne Diktaren; men hans eiget Liv rokk inkje til, - No. 12 av Stykki um dette Emnet skreiv han dei sidste 14 Dagarne han livde, - Framhaldet lyt ein annan taka i Arv etter honom.

    Jon Klæbo var fødd paa Garden Glein i Nesne i Nordland. I fyrste Ungdomsdagarne sine rodde han Lofotfisket; men Trongen dreiv honom ut til at læra meir, en han kunde faa Greida paa fraa Baaten elder i Fiskarhytta. So kom han paa Seminariet i Troms og vardt seinare Lærar paa ein Gutaskule i Kristiania. Samstundes las han til Eksamen Artium og etter at han hadde fenget Artium og teket Andre-Eksamen, tok han til at studera Teologi. I denne Tidi var han myket med i det literære Livet og var kjend som ein av dei beste Pennar paa den frilyndte, nationale Sida. Men Likamen var inkje so sterk som Andi. Ein Bringesjukdom tok til at tæra paa honom, og so reiste han til Hardanger og vonade i det Vederlaget der inne paa Utne at attervinna Helsa si. Sjølv hadde han do aldri Tru paa, at han vilde koma seg, og den 29de August flutte han til ein rolegare Heim, kring 35 Aar gamall, saknad av alle deim, som hadde lært at kjenna denne fine reine Saal med den frie Syn paa Livet og Vilkori hjaa vaart Folk, og inkje minst i Maalmannsflokken, - der verd hans Stad vand at fylla. Giv me hadde mange slike!

 

Mann, som han, vardt sjeldan funnen,
hjartevarm og god til Grunnen.
Vardt han inkje vigd til Prest,
var han do i Livet fesst
millom deim, som Ljoset kveika,
millom deim, som varmast preika.

Aa han vilde gjerna frelsa
sjuke Folket sitt til Helsa;
saart det i hans Bringa brann,
at han inkje lenger vann, -
vilde gjerna lenger skrida
fram for Ljos og Liv at strida.

Tungt det er at slike mista,
Menn, som kunde Runor rista
djupt i Norigs Minnestein.
Faa dei er, og ein for ein
ser ein alt i Striden falla,
medan andre tek til halla.

Sloknad er eit Ljos or Landet, -
blankt det skein; men no brast Bandet.
Stutt var Glansen, - paa hans Grav
blømer do ein Arons-Stav:
Det, han gjorde, vil ei gløymast,
men som Arv av Slegti gøymast.


Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. Femte Aargang. Bjørgvin: Hjaa Ed. B. Giertsen 1874. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad